Faksimile VTB 12. mai
Faksimile VTB 12. mai

Får matleveranse til dei eldre på det politiske bordet – igjen

Matvarehuset AS har klaga på at Seljord kommune har avlyst anbodskonkurransen for levering av mat til dei eldre i kommunen.

Bakgrunnen for klaga er at formannskapet i sist møte avlyste anbodskonkurransen for å drive matlevering til institusjonane i eigen regi. I vedtaket heiter det også at avtala med Dyrsku'n om levering av mat blir forlenga «inntil eit opplegg for matproduksjon i eigen regi er vedteke og kan setjast i gang».

Rådmannen i Seljord rår kommunestyret i torsdagens møte til å ta klaga til fylgje og inngå ei avtale med Matvarehuset AS. Dette er ikkje i strid med intensjonen om å starte produksjon av mat til institusjon og heimebuande i eigen regi, meiner rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men avtala blir neppe langvarig.

– Kommunen vil kunne realisere intensjonen i formannskapsvedtaket ved å nytte oppseiingstida til å planlegge produksjon av mat til institusjonar og heimebuande i eigen regi. Kommunen vil på denne måten unngå eit mogleg erstatningskrav frå Matvarehuset AS og dei eventuelle kostnadene det vil kunne føre med seg, heiter det i saksutgreiinga.

Dette er i tråd med rådet frå innkjøpskontoret som var til stades i formannskapsmøtet i mai. Der blei det også peika på at kommunen ville kunne få eit erstatningskrav dersom anbodsrunden blei avlyst.

Faksimile VTB 30. mai
Faksimile VTB 30. mai
Faksimile VTB 9. juni
Faksimile VTB 9. juni

Oppseiingstida i avtala er på seks månader.

Ingen avtale med Dyrsku'n

I saksutgreiinga kjem det fram at det berre er ei munnleg avtale mellom kommunen og Dyrsku'n om å vidareføre tidlegare avtale fram til kommunen overtek i eigen regi.

– Det er ikkje inngått avtale med Dyrsku'n på grunnlag av anbodskonkurransen, understrekar rådmannen i saksutgreiinga.

I formannskapsmøtet 8. juni var Margit Karlsen (V) den einaste av medlemmene som ville inngå avtale med Matvarehuset AS. Ho ynskte at kostnadene med eige kjøken skulle bli ein del av budsjettarbeidet for 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje sakleg grunn

Matvarehuset AS er lite imponert over prosessen.

«Selskapet er først og fremst overrasket over at kommunen avlyser konkurransen etter at Matvarehuset har fått tildelingsbrev med anbudsprotokoll og kontrakt for signering,» skriv NHO-advokat Henrik Bjørge i eit brev til Seljord kommune.

Matvarehuset AS i Bergen var ein klar vinnar i konkurranse med Dyrsku'n og Fazer. I klagebrevet blir det vist til at dei har lagt inn mykje ressursar i samband med anbodet og tildeling, og at det også er gjort store tilpassingar i produksjonskjøken for å starte opp leveranse til Seljord kommunen. Dei meiner det ikkje er nokon sakleg grunn til å avlyse.

«Det er flere forhold som tyder på at man politisk har tverrvendt sine vurderinger da det ble klart at lokale leverandører ikke vinner frem i konkurransen om å gi det beste tilbudet. Bakgrunnen for anskaffelsesreglementet er å hindre konkurransevridning, og det forbyr politisk overprøving av konkurranseresultatet eller prosesser med formål å forfordele leverandører», skriv advokaten i brevet.

Han bed om at kommunen kvalitetssikrar avgjerdene i saka, og ikkje inngår avtale med dagens leverandør (Dyrsku'n). I klaga kjem det også fram at det er aktuelt å «se på tiltak for kompensasjon av kontraktens verdi dersom ikke kontrakten inngås».

«Vi har et sterkt ønske om å oppfylle vår avtale, men vil se på de økonomiske forholdene i nær fremtid om avlysningen fastholdes», heiter det i brevet, der det også blir vist til at KOFA (klagenemnda for offentlege anskaffingar) har høve til å gje bøter «for ulovlig direkteanskaffelse for kjøp fra den lokale leverandøren».

Det er KOFA som er klageinstans i denne type saker, men Matvarehuset AS har gjeve kommunen høve til å gjera om vedtaket og unngå at det blir KOFA-sak.