Får kjøpe tilleggsareal

Nissedal formannskap gjev dispensasjon frå deleforbodet for frådeling av to parsellar på til saman 2,5 dekar frå eigedomen til Ivar Homme i Treungen. Vilkåra er at parsellane blir samanføydd med eigedomen Frivoll, og arealet skal nyttast til lagerplass for maskiner og utstyr i tilknyting til vedlikehald.

Georg Tore Almelien eig Frivoll og har behov for tilleggsareal til lagring av utstyr og materiell for snøbrøyting.