Kyrkjebygda oppvekstsenter får tilført meir ressursar i tider der elevtalet aukar og byrjar å nærme seg talet på 32 i 2000.
Kyrkjebygda oppvekstsenter får tilført meir ressursar i tider der elevtalet aukar og byrjar å nærme seg talet på 32 i 2000.

Elevtalet aukar – skule blir tredelt

I to år frå 2010–2012 var det berre ti elevar ved Kyrkjebygda oppvekstsenter. Talet på elevar i skulen i Nissedal vil vere nesten 30 frå hausten av.

Eit samrøystes Nissedal kommunestyre har vedteke å innføre full tredeling ved Kyrkjebygda oppvekstsenter frå august. I den samanhengen blir det auke i lærarressurs med 46 prosent stilling, administrasjonsressursen går opp med 15 prosent og det blir 7 prosent auke i bemanninga på skulefritidsordninga ved senteret.

Elevtalet ved Kyrkjebygda oppvekstsenter er i ferd med å kome på same nivå som i 2000, då det var 32 barn frå 1. til 7. klasse som gjekk på skulen der.

Artikkelen held fram under annonsen.

I januar blei to flyktningfamiliar busett i Kyrkjebygda. To barn frå Syria starta på skulen i bygda, og fleire vil kome til.

Fram til 2023–2024 syner prognosar at elevtalet i småskulen ved oppvekstsenteret vil vere mellom 16 og 18. I same perioden vil elevtalet i 5. til 7. klasse vere mellom 11 og 13. I saksutgreiinga blir det opplyst at det er 24 elevar i Kyrkjebygda dette skuleåret, og at det var ein topp i skuleåret 2002–2003 med 39 elevar.

Erfaringane tilseier at alle elevane i småskulen i bygda nyttar skulefritidsordninga.

– Visse pengar er lettare å bruke enn andre, sa ordførar Halvor Homme (Ap), før han klubba inn bemanningsauken som kostar nesten ein halv million kroner årleg.