Alle elevane ved Seljord ungdomsskule avslutta open skule med songen «Hall of Fame» i aulaen.
Alle elevane ved Seljord ungdomsskule avslutta open skule med songen «Hall of Fame» i aulaen.

Eit innblikk i skulekvardagen

Foreldre, besteforeldre, sysken, politikarar og alle andre kunne få eit innblikk i skulekvardagen til elevane på open skule ved Seljord ungdomsskule onsdag i førre veke.

Korridorane på ungdomsskulen i Seljord krydde av folk på onsdagskvelden. Over to timar fekk 170 gjester eit lite innblikk i korleis skulekvardagen er for ungdomane.

Demonstrasjon

Elevane sjølve stod for omvisninga og gruppe for gruppe blei trygt guida gjennom forskjellige stasjonar for å lære om undervisninga i dei forskjellige faga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gav nok mange aha-opplevingar for den litt eldre garde, for skulen har endra seg mykje på få år bare som ei fylgje av utviklinga innanfor data, eller EDB som det blei kalla ein gong.

I matematikk viste elevane korleis ein laga sin eigen valutakalkulator for å omrekne norske kroner til utanlandske mynt og i norsk fekk ein høyre foredrag om språket vårt. Songar på tysk og speed-dating på engelsk stod også på programmet. Og i kantina fekk alle ein munnfull med velsmakande fingermat frå elevar i faget mat og helse.

Ville vise fram

Rektor ved Seljord ungdomsskule, Ruth Haugo Sageie, var svært fornøgd med kvelden.

– Me hadde lyst til å vise fram skulen. Det er nok mange foreldre som ser elevane øve heime på ei framføring, men ein ser ikkje heilskapen. Det ville me gjerne syne. Samstundes håpar me at ein slik kveld gjer elevane stolte av skulen sin, seier Sageie.

I forkant hadde elevane frivillig bruka storefri til øving av sluttnummeret på kvelden. I eit stort kor med alle elevane frå ungdomsskulen gav dei flott framføring av «Hall of Fame», ein hit frå gruppa The Script og will.i.am.