Sandra Delmark Ryen og Ballerina reid inn til 2. plass då hindra var 1 meter høge. Ryen er med sine 26 år «veteranen» i ridegruppa i Seljord der den yngste er 11 år.
Sandra Delmark Ryen og Ballerina reid inn til 2. plass då hindra var 1 meter høge. Ryen er med sine 26 år «veteranen» i ridegruppa i Seljord der den yngste er 11 år.

«Ein får eit adrenalinkick av å fly over hindra»

Ridegruppa i Seljord inviterte til sprangridingsfest på Århus.

Sandra Delmark Ryen (26) frå Seljord har alltid vore ei hestejente. Som 11-åring fekk ho sin fyrste hest, men det er fyrst i vaksen alder ho har byrja som aktiv sprangryttar.

– I januar fekk eg meg ein ordentleg spranghest, forklarar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med den 14 år gamle hoppa Ballerina reiser Ryen rundt på distriktsstemne og i noregsserien. Måndag var ho og dei andre ryttarane i ridegruppa på heimebane på Århus i Seljord då klubben inviterte til utvida klubbstemne. Ryttarar og hestar frå Morger rideklubb på Rauland, Notodden ryttersportklubb, Rjukan og omegn rideklubb og Nome rideklubb var inviterte til stemne i vårsola i Seljord.

– Dette er kjempeflott. Det er lenge sidan me har hatt eit så stort stemne i Seljord, seier Sandra Delmark Ryen.

Drøymer om NM

– Kva er det som er så fascinerande med sprangriding?

Ryttarane og hestane flyg nærast over hindra.
Ryttarane og hestane flyg nærast over hindra.
Annveig Lysdahl Olsnes, Elin Ringhus, Mari Loftsgarden med Carachi Wind, Ida Bitustøyl Tveiti og Tone Gulliksen Øy med Kiss And Tell.
Annveig Lysdahl Olsnes, Elin Ringhus, Mari Loftsgarden med Carachi Wind, Ida Bitustøyl Tveiti og Tone Gulliksen Øy med Kiss And Tell.
Even Vindfjell på Shakira R.S. og Øyvind Høgetveit trivst både med hestesport og motorsport.
Even Vindfjell på Shakira R.S. og Øyvind Høgetveit trivst både med hestesport og motorsport.
Ingebjørg Berge frå Morgedal og Seljord rideklubb og hesten Gareth Alfarvad Z gjekk til topps då hindra var høgna til 1 meter. Ekvipasjen blei nummer to i 90 cm-klassa.
Ingebjørg Berge frå Morgedal og Seljord rideklubb og hesten Gareth Alfarvad Z gjekk til topps då hindra var høgna til 1 meter. Ekvipasjen blei nummer to i 90 cm-klassa.
Isabelle Grace Brekke Moore frå Morgedal og Seljord rideklubb blei premiert for sin innsats både på ryggen av Ammazon og Carrie.
Isabelle Grace Brekke Moore frå Morgedal og Seljord rideklubb blei premiert for sin innsats både på ryggen av Ammazon og Carrie.
Denne hesten let seg ikkje affisere av at ryttaren fall av, og fullførte over hindra. Til informasjon gjekk det bra med ryttaren som måtte i bakken.
Denne hesten let seg ikkje affisere av at ryttaren fall av, og fullførte over hindra. Til informasjon gjekk det bra med ryttaren som måtte i bakken.

– Det er spenninga og opplevinga av å sitje på ein hest og fly. Det gjev meg mykje, seier Ryen, som har hesten ståande på stall i sentrum.

Ho innrømmer at det kan vera ein kostbar idrett, og at det var derfor det tok litt tid før ho verkeleg kunne satse på sprangriding. Ryen legg også til at ho har god støtte på heimebane.

– Mamma hjelper mykje, seier ho med eit smil.

Ryen har ein draum om å ein gong konkurrere i NM, men ho veit ho må vera tolmodig.

– Det blir nok nokre år til, seier ho, før ho hastar til Ballerina klar for å konkurrere i klassa der hindra er 1 meter høge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feilfritt

Øyvind Høgetveit (13) og Even Vindfjell (12), båe frå Seljord, er gutane i jenteflokken i ridegruppa. Dei trivst med hestekrefter, både på fire bein og på fire hjul.

– Eg hadde pause frå sprangriding eitt år. Då køyrde eg crossar, seier Øyvind.

Også Even trivst med fart og spenning. Men måndag var det den utan motoren som var i sentrum. 12-åringen frå Nordbygdi imponerte stort då hindra var 90 centimeter høge. På hesten Shakira R.S. reid han feilfritt og raskt. Eit tilnærma perfekt løp ingen av dei 16 andre ekvipasjane kunne måle seg med.

– Dette var gøy, smiler Even etter å ha mottatt sløyfe som bevis på fyrsteplassen.

Adrenalinkick

Frå rideklubben i Rauland, Morger, hadde seks ryttarar tatt turen til Seljord. Den tradisjonsrike rideklubben har kring 50 medlemmer frå heile Vinje kommune, og nokon utanbygds.

– Det er utruleg triveleg å vera på stemne i Seljord, seier Tone Gulliksen Øy frå Vrådal.

Det er både sprang-, dressur- og feltrittryttarar som representerer Morger rideklubb.

– Det går så fort og ein får seg ein flygetur. Det er eit adrenalinkick, forklarar Elin Ringhus om kvifor sprangriding er valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolt trenar applauderte for sigrar på heimebane

Medan stolte ryttarar kunne ta imot heider for solide prestasjonar, stod trenar Gitte Høgetveit på sidelina og applauderte. Ho kunne registrere at elevane gjorde reint bord på heimebane. Ryttarar frå Seljord rideklubb var best både då hindra var 70, 90 og 100 centimeter.

Gitte Høgetveit driv Seljord Hestesenter AS saman med ektemannen Stig. Dei starta rideskule i 1994. I starten av arbeidet med Mælefjelltunellen rett ved anlegget på Århus låg aktiviteten nede i halvtanna år. No er elevtalet tilbake til der det var før det blei stopp.

– Men det er endå fleire konkurranseryttarar no, seier Høgetveit.

I dag er det 80 elevar innom skulen i løpet av ei veke. Det inkluderer både konkurranseriding, terapi, aktivitetar for barn og liknande, og Høgetveit håpar på endå fleire elevar når tunellen er ferdig.

– Me har eit godt samarbeid, seier ho om kontakten med anleggsarbeidet.

Høgetveit er dagleg leiar på hestesenteret og hovudinstruktør. Det er der ridegruppa har treningane sine eit par gonger i veka. Høgetveit er rask med å rose ridegruppa og innsatsen som blir lagt ned.

– Det er berre moro å vera trenar. Foreldra er veldig flinke til å fylgje opp, seier Høgetveit, som sjølv har vore aktiv sprangryttar.

I sommar inviterer dei på Århus igjen til rideleir dei to fyrste vekene av sommarferien (veke 25 og 26) og dei to siste (veke 31 og 32).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då kjem det hesteinteresserte også frå Enebakk, Skien og Oslo, i tillegg til hovudtrykket frå nærområda, seier Høgetveit.

– Som regel er det 15–20 kvar veke. Det er ikkje så mange overnattingsplassar att, men eg har plass til elevar som kjem på dagsbesøk, seier ho.