4H-arane har gjort klar prosjektutstillingane, og er spente før nattarrangementet.
4H-arane har gjort klar prosjektutstillingane, og er spente før nattarrangementet.

Ein annleis haustfest

Det er ikkje bare utstilling medlemene i Trenissen 4H har på haustfesten. I festtida er det moro på fleirbrukshuset i Treungen også ei heil natt.

Hjelper til:Mari Wik Kåsa (t.v.), Vilde Johansen og Mari Grundt tek eit tak på kjøkkenet før gjengen skal ha kveldsmåltid med taco.

Heile natta:Klubbrådgjevar Unni Britt Hansen klar for ei ny natt saman med unge som ordnar soveplass som kanskje vil bli brukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år er halvparten av medlemene i Trenissen 4H frå Fjone, medan resten høyrer heime i Treungen. Då den årlege haustfesten nyleg blei arrangert i fleirbrukshuset, hadde 25 medlemer utstilling av prosjekt dei hadde jobba med sidan månadsskiftet januar/februar.

4H-arane har mange prosjekt å velje mellom. Blant dei mest populære er foto, noko heile ni medlemer har jobba med i år. Også baking og form og fantasi går att, i tillegg til prosjektet «Ut på tur». Medlemene frå Fjone har siste åra hatt eit fellesprosjekt om trivselsbygda.

Livat

Haustfestførebuinga starta fredagskvelden med klargjering av alle prosjekta i fleirbrukshuset, før oppgåvene blei vurderte av vaksne. Etterpå var det tid for ei moro som blei innført i fjor. Då fekk medlemene gjennom ynsket om å vere på fleirbrukshuset heile kvelden og natta, og sove der i fellesrom.

Mari Wik Kåsa (t.v.), Vilde Johansen og Mari Grundt tek eit tak på kjøkkenet før gjengen skal ha kveldsmåltid med taco.
Mari Wik Kåsa (t.v.), Vilde Johansen og Mari Grundt tek eit tak på kjøkkenet før gjengen skal ha kveldsmåltid med taco.
Klubbrådgjevar Unni Britt Hansen klar for ei ny natt saman med unge som ordnar soveplass som kanskje vil bli brukt.
Klubbrådgjevar Unni Britt Hansen klar for ei ny natt saman med unge som ordnar soveplass som kanskje vil bli brukt.

– Medlemene synest det er gøy å vere på 4H-leirar om sommaren. Dette er vår lille leir, smiler klubbrådgjevar Unni Britt Hansen.

– Me gler oss veldig, seier mange av medlemene like før kvelds- og nattilbodet startar.

Fyrst var det taco, eit måltid medlemene sjølve var med og stelte til. Så var det bading i bassenget, film og anna moro utover natta i fleirbrukshuset.

– Eg trur eg sov ein time i fjor. Då var det livat, hugsar Hansen.

Ho er ein av dei vaksne som er til stades på nattarrangementet. Brannreglane seier at det alltid må vere ein vaksen vaken ved slike høve, men det plar å vere to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Imponert

Trenissen 4H har eksistert i 39 år, og Hansen har vore med som hjelpar i heile 30 av dei.

– Eg har ikkje hjarte til å slutte, men neste år blir eg meir i bakgrunnen, seier Hansen. Så får me sjå på det.

Ho var med og heldt klubben på beina i tider med bare 5–6 medlemer. I dag har klubben fire vaksne eldsjeler. Også fleire andre foreldre hjelper til.

– Når foreldra er med, held barna ut lenger, er erfaringa til eldsjelene.

Etter nattarrangementet er det haustfest på dagtid i fleirbrukshuset. Då er det mellom anna underhalding frå medlemene, og dei får utdelt sylvskeier og merke etter prosjektgjennomføringa.

– Alle desse 30 åra mine i klubben har vore koselege, men det er eit veldig stress før haustfesten. Det er spenning før kvar utstilling, og kvart år er eg imponert over resultata, seier Hansen.