Regjeringa kom med ei pressemelding fredag. Der kom det fram at Seljord er eit av dei tre passkontora som skal avviklast i Telemark.
Regjeringa kom med ei pressemelding fredag. Der kom det fram at Seljord er eit av dei tre passkontora som skal avviklast i Telemark.

– Dette er sentraliseringspolitikk på sitt verste

På fredag sende Justisdepartementet ut ei pressemelding om at 65 passkontor blir avvikla i Noreg. Kontoret i Seljord er eitt av desse, dermed vil det ikkje lenger vere passkontor i Vest-Telemark.

– Tryggleiksnivået for norske pass må betrast for å møte dei nye tryggleikskrava, skriv departementet.

Det fører til at passkontoret i Seljord blir lagt ned, og at vesttelane no må til Skien eller Notodden for å få seg pass i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit tap for Øvre Telemark

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), var tydeleg skuffa over at passkontoret i Seljord blei bestemt nedlagt.

– Me har jobba for å behalde lensmannskontoret og passkontoret i Seljord, diverre har me berre delvis lukkast. Me er glade for å kunne behalde lensmannskontoret, men det er utruleg synd at passkontoret no forsvinn, seier Haugan.

Framover skal dei nye passa utleverast av medarbeidarar med ID-fagleg kompetanse i fysisk sikra lokale. Dette argumentet kjøper ikkje ordføraren.

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap) (t.h), og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp), er kritiske til at det ikkje lenger skal vere passkontor i Vest-Telemark.
Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap) (t.h), og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp), er kritiske til at det ikkje lenger skal vere passkontor i Vest-Telemark.

– Dei aller fleste passutferdingane er trygge, og eg skjønar ikkje kvifor det skal vere mindre trygt å få seg pass i Seljord kontra i Skien. Ein har skrive ut rundt 3000 pass i året her i Seljord. Det viser både kompetansen dei tilsette har opparbeidd seg, og behovet det er for passkontor her, seier Haugan.

Ordføraren meiner dette ikkje berre er eit tap for Seljord, men for heile Øvre Telemark.

– Tilbodet svekkast jo i heile regionen. Resultatet blir at innbyggjarane i Vest-Telemark må ta seg fri, og stå i lange køar når dei skal fornye passa sine. Eg synest det er synd at staten ikkje legg til rette for gode offentlege tenester i distrikta, seier han.

Haugan håpar likevel ikkje at siste ordet er sagt i denne saka.

– Me kjem til å kjempe vidare for å behalde passkontoret, men me er i tolvte time no, og det ser diverre ikkje så lyst ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentralisering av verste sort

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp), trudde lenge at det skulle kome eit passkontor i Vinje. Då han såg pressemeldinga frå regjeringa på fredag at det ikkje blir ein realitet, og at kontoret i Seljord i tillegg blir nedlagt tente han på alle pluggane.

– Eg er utruleg frustrert. Dette er sentraliseringpolitikk på sitt verste av regjeringa, seier Kleven.

Det å få passkontor i Vinje, eller behalde det i Seljord har vore viktig for ordføraren. Dette er noko han har arbeidd for i to år.

– Me har tatt dette opp fleire gonger. Me har jobba konstruktiv, og forsøkt å rope høgt. Det er diverre ingenting som fungerer når ein har ei så distriktsfiendtleg regjering, seier Kleven.

Ordføraren klarar ikkje å forstå årsaka til at det ikkje skal vere eit passkontor i Vinje eller Seljord.

– Då eg var i møte i Kongsberg med politidistriktet i Søraust si styringsgruppe, fekk eg beskjed om at det var for dyrt å sette opp passkontor i Vinje. Då sa eg me kunne ta rekninga sjølv, så det skulle dei ikkje tenke på. Då endra plutseleg argumentasjonen seg til å handle om tryggleik. Eg fattar ikkje kvifor det skal vere utrygt med eit passkontor i Vinje, seier Kleven tydeleg frustrert.

Ordføraren meiner argumentasjonen frå regjeringa er oppkonstruert.

– Dette er jo ikkje samfunnsøkonomisk gunstig for staten heller. Her oppe må folk ta fri frå jobb for å kunne reise på ein slik dagstur. Viss ein i tillegg ser på miljøutsleppa dette vil føre til så er det ingenting positivt med det utfallet her. Eg er som du skjønar veldig frustrert. Me mistar berre fleire og fleire tilbod her i Vest-Telemark. Det einaste som kan gjere situasjonen betre, er om me skiftar regjering, seier Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

magnus@vtb.no