Då vasstanden sokk til normalen blei det synleg kva Grunnåi i flaum hadde drege med seg. Heile midtseksjonen må byggjast opp att.
Då vasstanden sokk til normalen blei det synleg kva Grunnåi i flaum hadde drege med seg. Heile midtseksjonen må byggjast opp att.

Det flaumen førde med seg

Då vatnet minka såg anleggsfolka kva Grunnåi hadde ført med seg: Stillingane som skal bera ny bru var overlesst med trevirke.

– Me blir noko forsinka, kommenterer driftsleiar i NCC for vegog brubygginga inn til tunellane ved Århus og i Gvammen, Thorfinn Haugo.

Den øvste brua over Grunnåi, som blir ny tilkomst til Ligrenda, har fått ein hard støyt av flaumen og rekveden. Heile midtseksjonen, altså den delen av brua som går over åløpet, må rivast og byggjast opp att på ny. Det dreiar seg særleg om to berebjelkar, gitterdragarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje noko lett arbeid. Og heller ikkje heilt trygt, slik det er når me byggjer nytt, seier Haugo.

Alt av stilas og forskaling på den skadde delen må ned. All rekveden må sakte og forsiktig plukkast vekk før ein kan byrje å byggje opp att brua.

Brua nærast E 134, den som skal bli ny E 134-bru for nyvegen inn til tunellen, ser ut til å vera uskadd, opplyser Haugo.

Denne brua blei støypt dagen og natta før flaumen kom, førre onsdag. Alt medan vatnet fløymde konstaterte anleggsfolka at brua såg ut til å halde. Dei meinte alle tonna betong heldt ho stabil.

Men også ved denne brua ligg haugevis med rekved, som må bli plukka vekk når forskaling og stillingar er demonterte.

Haugo vil ikkje spekulere i kva skadane vil koste, men opplyser at selskapet er i kontakt med forsikringsselskap.