Han innrømmer at han er ein bygut som trivst i storbyen. Men han spelar framleis fotball i grøn Vinje-drakt, på bedriftsfotballaget, «FK Krutt».
Han innrømmer at han er ein bygut som trivst i storbyen. Men han spelar framleis fotball i grøn Vinje-drakt, på bedriftsfotballaget, «FK Krutt».

«Det er mange som ser på journalistikk som skrivekunst, eg ser heller meir på det som eit handverk»

I ein beintøff mediebransje har Markus Tobiassen (29) frå Vinje rokke å bli ein anerkjent journalist i landets tredje største avis. Sjølv meiner han det berre er flaks.

Når ein sit på trikken eller på eit fly og ser folk leser Dagens Næringsliv prøvar eg jo å sjå om dei les sakene mine.

 

Det er reise-heim-frå-jobb-tid i Oslo. Folk fartar av stad på jakt etter raskaste veg heim til middag. I bygget framfor oss er det eit fleirtal av skjortekledde menn med slips som strøymer ut. Me er utanfor Dagens Næringslivs lokale midt i Oslo. Akerselva renn like ved. Etter kvart kjem Markus Tobiassen ut i ei heilt vanleg svart t-skjorte og låser opp sykkelen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde vel aldri trudd eg skulle ende opp her, smiler han.

Fekk fast jobb i fjor

Me får bli med han opp igjen i redaksjonen. I eit ope kontorlandskap har han kontorplass i Etterbørs-redaksjonen som fylgjer norsk og internasjonalt kulturliv tett. Dei siste tre åra har han jobba i landets tredje største avis som 180 000 nordmenn til dagleg får med seg. I fjor fekk han noko som nærmast er utenkjeleg for ein ung journalist i dagens mediebransje: Fast jobb.

I tre år har Markus Tobiassen jobba i Dagens Næringsliv. Der driv han med det han kallar nyheitsdriven kulturjournalistikk i redaksjonen «Etterbørs».
I tre år har Markus Tobiassen jobba i Dagens Næringsliv. Der driv han med det han kallar nyheitsdriven kulturjournalistikk i redaksjonen «Etterbørs».

– Eg var heldig og føler det handlar mest om flaks. Det held liksom ikkje å vere flink i medie-Noreg i dag.

Ekspert på «Tidal»

Sjølvsagt er det noko i det han seier. Men det er heller ikkje nokon tvil om at vinbyggjen har utmerka seg som skrivande og gravande bladfyk dei siste åra. Han har vore med på å starte DN-Gründer i avisa – eit prosjekt som tek for seg dei gode ideane og gründerane som er på veg opp og fram. Prosjektet var mykje av grunnen til at den fekk den faste stillinga. I vår blei han henta inn som ekspertgjest i NRK P2s Kulturnytt for å snakke om musikkmusikkstrøyme-tenesta Tidal. Ei teneste som blei starta i Noreg under namnet «Wimp», men blei kjøpt opp av mellom anna super-stjerna Jay-Z i 2015. I januar i år publiserte Dagens Næringsliv ein stor serie om korleis Tidal bles opp abonnementstala for å skjule dei store inntektstapa. Tobiassen hadde jobba med saka i fleire månader og var hovudskribenten bak det heile.

– Det var ei utruleg spennande sak å jobbe med. Ein kombinasjon av super-kjendisar, oppsiktsvekkande historier og i tillegg med ein norsk vri. Det er jo slike ting ein har lyst til å skrive, gliser han.

Aldri studert journalistikk

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har låst opp sykkelen igjen. Me har tusla frå kontoret og ned til det yrande livet i Torggata ein torsdag ettermiddag etter jobb. Det er ganske langt frå ein av dei hippaste gatene i Oslo til oppveksten i Vinje.

– Det er ikkje så ofte eg er heime lenger, men me er ein god gjeng frå Vinje i Oslo som har mykje kontakt. Me har eit bedriftsfotballag som er registrert på enkeltmannsføretaket til Eivind Øygarden (artisten Ivan Ave). Laget heiter FK Krutt og me spelar sjølvsagt i grøne Vinje-drakter.

Då han sprang rundt i den grøne Vinje-drakta for 15 år sidan, var det ikkje med ein draum om å bli journalist i magen. Det har eigentleg aldri vore ein plan. Likevel har alt leia mot det.

– Når eg ser på vala eg har gjort i ettertid, ser eg jo at det er meir tilfeldig enn ein skulle tru. Eg var alltid glad i å skrive og skreiv enormt lange norskstilar på ungdomsskulen. Men det blei aldri til at eg begynte på journalistutdanning, fortel han.

Etter tre år på Kvitsund blei det eitt år i forsvaret før turen gjekk til Trondheim. Det var ikkje studia, men den friviljuge jobben ved sidan av som skulle definere yrkesvegen.

– Eg blei kulturjournalist og etter kvart redaktør i studentavisa «Under Dusken». Det blei ein fulltidsjobb og ein kjempegod skule inn i journalistikken. Det leia til jobb som filmmeldar i Adresseavisa og etter kvart til sommarjobb i Dagens Næringsliv.

Eit handverk

Det er kulturjournalist han har blitt på heiltid. Med studiebakgrunn i filosofi og filmvitskap viser han at det er mange vegar inn i journalistikken. Han trur ikkje han finn vegen ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skal ikkje overdrive betydinga og det ein får til som journalist. Ein har jo håp om at det ein skriv skal få konsekvensar for folk, men det er nok sjeldan. I beste fall får lesarane vite kva som eigentleg har skjedd, og det er jo ein fin ting. Eg finn stor glede i jobben min og dei dagane ein har skrive noko ein føler er viktig og rett er eg godt fornøgd, seier han og samanliknar det å vere journalist med ein handverkar.

– Det er mange som ser på journalistikk som skrivekunst, men eg ser heller meir på det som eit handverk. Ein hakkar det litt til kvar dag, og prøvar å gjere det betre enn dagen før. Det er godt å reise frå jobben kvar dag og sjå i avisa neste dag at ein har levert noko.

– Det er fortsatt stas å sjå sakene sine på trykk?

– He he, ja det synest eg ikkje ein skal legge skjul på. Eg må vere så ærleg å seie at det er tilfredstillande – det er gøy å bli lest. Når ein sit på trikken eller på eit fly og ser folk leser Dagens Næringsliv prøvar eg jo å sjå om dei les sakene mine, seier han smilande.

Skulle ynskje han hadde dialekt

Journalistikken har blitt ein livsstil og Markus håpar på eit langt liv i avisa han berre kan tusle ein fem minuttars tid til, frå den nye leilegheita på Grünerløkka. Mange av venene i bransjen har ikkje orka uvissa og gjort som mange journalis- tar – bytta side og blitt kommunikasjonsrådgjevarar. Markus har heile tida lova seg sjølv at han ikkje har ein plan-B.

– Eg har sagt til alle at den vegen skal eg ikkje gå. Kanskje mest for å låse den døra for meg sjølv. Eg trur eg likar yrket så godt at eg kunne levd med den usikkerheita det er å ikkje ha fast jobb. Samstundes skal eg bli far i haust og då blir nok ting litt annleis.

Barnet blir nok ingen vinbyggje. Han og sambuaren har ingen planar om å flytte heimover, sjølv om han set stor pris på oppveksten i heimkommunen. Dei 16 åra i Vinje er det dessverre (ifølgje han sjølv) vanskeleg å høyre på talemålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kanskje det spørsmålet eg har høyrt flest gonger på fest opp igjennom. Er du frå Vinje? Men du snakkar ikkje slik? Eg synest jo det er synd sjølv. For det er Noregs finaste dialekt. Men me var ein innflyttarfamilie og mange i venekrinsen var det same og då blei det berre slik. Eg er for dårleg i nynorsk også, til å flytte heim altså.

Han smiler og kikkar ut på folkestraumen i Torggata. Det er dette som er heime nå.