Dei «overlevande» blei frakta ut på parkeringsplassen utanfor helsesenteret på Dalen, og teke hand om av helsepersonell.
Dei «overlevande» blei frakta ut på parkeringsplassen utanfor helsesenteret på Dalen, og teke hand om av helsepersonell.

«Det brenn på helsesenteret»

Heldigvis var det berre øving. For to veker sidan var alle naudetatar involvert då det blei skipa til ei stor øving på helsesenteret på Dalen. Blåljos og mange «skadde» prega området utanfor senteret.

Klokka er to minuttar på tolv onsdag for to veker sidan. Alarmen går på Tokke helsesenter, og meldinga går ut på at det er brann i to avdelingar på senteret. På førehand hadde 24 markørar frå den vidaregåande skulen på Dalen blitt sminka til å bli offer for brannen og røyken som seiv ut av bygningen.

Sju minuttar

Om lag sju minuttar etter at alarmen gjekk var fyrste brannmann på plass, og berre knappe to minuttar etterpå var brann- og tankbil på staden. Ambulansen og politiet kom til åstaden høvesvis seks og åtte minuttar etter brannbilen. VTB sin utsende medarbeidar hadde som oppgåve å vere mest mogleg nyfiken og pågåande i det som ofte er ein kaotisk fase ved slike krisehendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig evaluering

Evalueringa av øvinga blei halden på kulturhuset utpå ettermiddagen, og stort sett alle partar var godt fornøgde med den viktige gjennomgangen.

– Måla våre med øvinga er nådd, og takk til alle dei som låg i røyken, sa Gunnar Berge, tidlegare Norsk luftambulanse.

Berge var saman med brannsjef i Vest-Telemark brannvesen, Tore Metveit, ansvarleg for å leggje opp øvinga.

«Ofra» blei henta ut av røykdykkarar frå Tokke brannvesen.
«Ofra» blei henta ut av røykdykkarar frå Tokke brannvesen.
Det var mykje blåljos utanfor helsesenteret på Dalen for to veker sidan då det blei gjennomført brannøving.
Det var mykje blåljos utanfor helsesenteret på Dalen for to veker sidan då det blei gjennomført brannøving.
Det var stor røykutvikling på helsesenteret.
Det var stor røykutvikling på helsesenteret.
Denne pasienten hadde fått ei stor flis i låret.
Denne pasienten hadde fått ei stor flis i låret.
– Dette var ei god øving, sa Gunnar Berge, som saman med brannsjef Tore Metveit i Vest-Telemark brannvesen, hadde lagt opp øvinga.
– Dette var ei god øving, sa Gunnar Berge, som saman med brannsjef Tore Metveit i Vest-Telemark brannvesen, hadde lagt opp øvinga.

Innsatsleiar hjå politiet, Cato Listaul, var også fornøgd med utbyttet av øvinga.

– Kommunikasjonen med dei andre etatane var god, og me fekk oversikt nokså fort. Me kunne nok ynskje oss betre kommunikasjonskanalar til kommunen og krisestaben, sa han.

– Det meste har fungert godt, men det er også godt å sjå at det er noko å ta tak i. Ei øving utan manglar er ikkje noko øving. Det handlar om rette opp eventuell svikt eller manglar så raskt som råd, sa Berge etter at alle naudetatleiarane hadde uttalt seg.

Orsaking

Metveit var også særs godt fornøgd med øvinga, men fyrst hadde han ei melding til alle raudkledde i ambulansetenesta.

– Fyrst vil eg be alle raudkledde om orsaking. Eg erta på meg mange i vinter etter at ei sak i lokalavisa kom noko skeivt ut. Me skal sjølvsagt hjelpe til når de treng hjelp til å lyfte og bere. I dag viste me at me samarbeider godt, og eg vil seie at eg også er svært godt fornøgd med øvinga. Det er også rett å takke Tokke kommune for at me fekk gjennomføre øvinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har også lært mykje i dag. Ikkje minst om kva me kan seie og ikkje både til presse og andre som tek kontakt, så takk til øvingsleiinga, sa beredskapsleiar i kommunen, Olav Bjørn Bakken.

Krisestaben i Tokke kommune blei etablert ganske kjapt, og bladfyken opplevde at det var greitt å få tilgjengeleg informasjon.