16-åringen Mari Moen frå Seljord kom heim frå Landskappleiken med fyrste- og andreplass.
16-åringen Mari Moen frå Seljord kom heim frå Landskappleiken med fyrste- og andreplass.

Dansa seg til kappleiksuksess

Dommarane var ikkje i tvil om at Mari Moen (16) var den beste juniordansaren på Landskappleiken på Geilo og Ål sist veke.

Seljordjenta gjorde reint bord i juniorklassa dans hardingfele. 16-åringen fekk 87 poeng for telegangaren og 82 poeng for telespringaren.

– Eg hadde ikkje dei store forhåpningane før kappleiken. Det kjem deltakarar frå heile Noreg, og at eg skulle få dobbeltsiger var over all forventning, seier Mari.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hallingdal hadde ho Ola Narverud frå Jondalen som fylgje. Dei har også dansa saman på andre kappleikar i år. Han er ikkje den faste partnaren hennar, men «lånet» gav fulltreff.

– Me dansa saman på fylkeskappleiken i mai, men har ikkje dansa saman sidan og tenkte at det fekk stå til. Og det gjekk jo bra, smiler 16-åringen.

God kjemi

– Kva trur du var avgjerande for dommarane?

– Eg trur me har ein veldig god kjemi. For å få ein god poengsum er det ikkje nok å danse rett, ein må også sette særpreg på dansen, forklarar ho.

I premie fekk ho kjøkenknivar.

– Dei kjem godt med, smiler ho.

Moen var einaste telemarking som dansa gangar. Sjølv om ho synest det er den vanskelegaste dansen, er ho opptatt av å halde på gangartradisjonen frå Telemark.

Moen hadde ei kjempeflott veke i Hallingdal. Ho set pris på det sosiale på kappleiken, og fekk med seg det meste av sceneinnslaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg moro å sjå folkemusikktradisjonar frå heile landet, seier ho.

Fjerde gong

– Kor mykje tid brukar du på dans?

– Det har faktisk ikkje blitt så mykje dei siste åra, men eg har vore på ein del kurs som på Telemarkfestivalen og UngFolk. Og så er eg litt instruktør for dei eldste på Tusseleiken, seier ho.

Seinare i sommar skal ho på UngFolk som i år blir arrangert i Kviteseid. Tur kan det også bli til Strunkeveko på Voss og Jørn Hilme-stemnet.

16-åringen er langt frå nokon nybyrjar på landskappleikar. Arrangementet i Hallingdal var den fjerde landskappleiken ho har vore på. I fjor blei det ingen tur til Oppdal for då var ho opptatt med Seljordspelet.

Takkar mamma

Mari Moen byrja å danse alt som 4-åring. Som mange andre i den alderen blei ho med i Tusseleiken. Med ei mor som var instruktør valte ho å halde fram med dansinga.

– Mamma skal nok ha ein stor del av æra for at eg haldt fram med dans, seier ho.

Om to år er Seljord arrangør av Landskappleiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir litt annleis og spesielt når kappleiken er på heimebane, men det blir kjempemoro, trur Mari.

Ho er ein allsidig 16-åring. I tillegg til dans spelar ho handball, er med i Raudekrossen og glad i friluftsliv.

– Kva med andre dansar, som diskodans?

– Hehe, nei det blir det lite av, seier ho.

Mange vesttelar hevda seg og stod for solide prestasjonar på årets landskappleik på Geilo. Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje vann seniorklassa i vokal. Seljord juniorspelemannslag blei nummer tri i lagspel junior. Seljord spelemannslag kom på 12. plass av 33 fele- og hardingfelelag. Ottar Kåsa frå Arabygdi blei nummer fire i hardingfeleklassa senior. I den same klassa kom seljordingane Sara Fjågesund på 7. plass og Torunn Raftevold Rue på 13. plass. Marie Tveiten kom på 4. plass blant juniorane som trakterte hardingfela.