FInn-Arild Bystrøm.
FInn-Arild Bystrøm.

Bystrøm tilsett som ny Seljord-rådmann

Finn-Arild Bystrøm er tilsett som ny rådmann i Seljord.

Bystrøm er i dag tilsett som kommunalsjef for samfunn og utvikling i Tinn kommune, og byrjar i den  nye jobben som rådmann i Seljord i desember.

– Eg vil ikkje reise frå ein ansvarsfull jobb med mange lause ballar i lufta, seier Bystrøm om bakgrunnen for at det endå er eit snautt halvt år før han byrjar i jobben som rådmann i Seljord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var ikkje blant dei opphavlege søkjarane då Seljord avslutta den fyrste søknadsrunden i vår. Då kommunen byrja runde 2 etter at fyrstevalet Thomas H. Gundersen trekte kandidaturet før tilsettingsmøtet i mai blei Bystrøm oppmoda til å stille som kandidat.

– Eg trong nok ein liten puff. Det er stort å bli spurt. Eg er audmjuk og stolt, seier Bystrøm til VTB etter at eit samrøystes kommunestyret tilsette han som rådmann torsdag.

Bystrøm har vokse opp på Rjukan. Han har 17 år bak seg i politiet, mellom anna eit par år som lensmann i Tokke. Før han byrja i Tinn kommune tok han mastergrad i leiing ved NTNU. Han har også i to periodar representert Arbeidarpartiet i kommunestyret i Tinn.

Per Dehli sa opp stillinga som rådmann i januar. Kari Gro Espeland, som har vore blant søkjarane til den ledige rådmannstillinga, er for tida konstituert rådmann.