Sanitetslaget i Øvre Vinje vitja fyrsteklassingane ved Edland skule og hadde med seg refleksvestar. Svein Bergland, Ånond Haugen Vaa, Theo Larsen, Harald M. Lauritsen, Haytham AlHaj-Kadur, Svein Torjus Kili, Lucas Kroken og Stela Ceptonyte.  (Namna er ikkje i rekkefylgje)
Sanitetslaget i Øvre Vinje vitja fyrsteklassingane ved Edland skule og hadde med seg refleksvestar. Svein Bergland, Ånond Haugen Vaa, Theo Larsen, Harald M. Lauritsen, Haytham AlHaj-Kadur, Svein Torjus Kili, Lucas Kroken og Stela Ceptonyte. (Namna er ikkje i rekkefylgje)

– Bruk refleks i mørketida

Barna i Edland veit at det er viktig å vere synleg når ein ferdast ute i mørket. – Nesten 6 av 10 norske fotgjengarar har opplevd farlege trafikksituasjonar i mørkeret. melder Trygg Trafikk.

Det blir raskt mørkt om ettermiddagen og kvelden no, og bruken av refleks er både viktig og naudsynt, både seint og tidleg.

Dette har dei 8 fyrsteklassingane ved Edland skule lært om, og veit å gjere seg godt synlege i mørkeret. Tidlegare denne veka fekk dei besøk av Øvre Vinje Sanitetslag som hadde med både flotte refleksvestar og frukt til barna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange droppar refleksen

Hausten er høgsesong for påkøyrslar, men likevel er det berre ein av ti som hugsar å bruke refleks, melder Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Dei viser til ei undersøking gjort av Kantar TNS som også avslører at meir enn fire av ti personar har køyrd eller sitte på i bil som nesten har køyrd på ein fotgjengar i mørkeret.

Undersøkinga seier vidare at me har eigentleg inga god grunn til å droppe refleksen, og sju av ti innrømmer at den berre blir gløymt når ein skal ut i mørkeret.

Det er stor forskjell om ein går med eller utan refleks – gjer deg synleg.
Det er stor forskjell om ein går med eller utan refleks – gjer deg synleg.

Sjølv om berre ein av ti nordmenn svarar at dei alltid brukar refleks, meiner 88 prosent likevel at det ville ha stor positiv effekt om fleire fotgjengarar bruka refleksen.

Kan vere livsfarleg

NAF er også opptekne av at både små og store skal gjere seg synlege i haustmørket og på regnvåte vegar. Dei seier at kombinasjonen av sjåførar med dårleg syn og fotgjengarar utan refleks er livsfarleg. 

– Me veit at eldre bilførarar ser mykje dårlegare enn yngre i mørkeret. Bruk refleks – det er ei billig livsforsikring, oppmodar Tore Bjørn Wiig, styreleiar i NAF-avdeling Nedre og Vestre Telemark.

Han minner om at synet endrar seg med alderen og aukar risikoen for ulykker. Som 60-åring har ein mista meir enn halvparten av nattsynet ein hadde som 20-åring.

– Svekka syn i kombinasjon med haustmørkeret kan skape farlege trafikksituasjonar. Dei mjuke trafikantane, fotgjengarane og syklistane er spesielt utsett. Brukar du refleks blir faren for å bli påkøyrd redusert med 85 prosent, opplyser Wiig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han oppmodar dei mjuke trafikantane om å gjere seg synlege, og dei som køyrer må tilpasse farta til den avgrensa sikta dei har.

– Over 90 prosent brukar bilbelte, og målet må vere at like mange brukar refleks. Det gjeld å få dette inn som ein naturleg del når du skal ut å gå i mørket, seier Wiig.