Det blei tysdag lagt ned blomar i Liosvingen der det var harde trefningar mellom norske og tyske styrkar 3. mai 1940. Til stades var Einar Versto (t.v.), Torgrim Otterholt, Halvor Øygarden, Reidar Listog og HV-kaptein Olav Aalandslid.
Det blei tysdag lagt ned blomar i Liosvingen der det var harde trefningar mellom norske og tyske styrkar 3. mai 1940. Til stades var Einar Versto (t.v.), Torgrim Otterholt, Halvor Øygarden, Reidar Listog og HV-kaptein Olav Aalandslid.

Blomar på fredsdagen

Tysdag 8. mai blei det lagt ned blomar mange stader i landet. Frigjeringsdagen blei markert med blomsternedlegging ved forsvarsmuseet i Åmot, ved Lio-støtta og på Mo kyrkjegard.

– Det er naturlege stader å leggje ned blomar. Like ved forsvarsmuseet i Åmot ligg Leirlid bru, der dei siste trefningane i Sør-Noreg gjekk føre seg 5. mai 1940. Ved Lio-støtta var det harde kampar den 3. mai. Dagen etter, 4. mai, kom det eit tysk bombefly over staden og det blei i alle fall slept to bomber her, forklarer Heimevernskaptein Olav Aalandslid.

På kyrkjegarden i Mo står det eit minnesmerke med to namn på. To unge gutar frå bygda mista livet i krigens fyrste dagar. Jørgen T. Li og Aslak J. Vistad hadde båe avtent verneplikta ved no nedlagte Hvalsmoen militærleir like nord for Hønefoss ved Ringerike. Då det braut ut krig blei båe to innkalla til teneste. Li til ingeniøravdelinga og Vistad til sambandstenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les meir om dei to unge mobyggane her.

– Det var sjølvsagt eit stort tap for ei lita bygd, og dei døydde med ein dags mellomrom. Dei hadde nok sett føre seg eit langt liv og ikkje at krigen skulle bli deira bane. Men dette er eit døme på krigens redsle – nokon ofra mykje meir enn andre, fortel Aalandslid.