– Planen er at biblioteket skal bli endå meir tilgjengeleg for dei som vil låne bøker og liknande. Det skjer ved å innføre sjølvbetjening til hausten, seier biblioteksjef, Benedikte Nes (t.h.) og bibliotekmedarbeidar, Elin Normann.
– Planen er at biblioteket skal bli endå meir tilgjengeleg for dei som vil låne bøker og liknande. Det skjer ved å innføre sjølvbetjening til hausten, seier biblioteksjef, Benedikte Nes (t.h.) og bibliotekmedarbeidar, Elin Normann.

Blir endå meir tilgjengeleg

Snart blir det mogleg å låne bøker på biblioteket på Dalen utan at det er tilsette til stades.

– Me er i full gang med å merke alle utlånseiningane våre med ei brikke som inneheld ein liten mikrochip. Dette gjer at kundane våre etter kvart kan låne bøker sjølv om det ikkje er nokon til stades i biblioteket – me snakkar om sjølvbetjening. Det betyr ikkje at det skal vere fritt for tilsette i biblioteket, men at opningstidene kan bli utvida utover dagens, forklarer biblioteksjef Benedikte Nes.

Planen er at dette skal vere oppe og gå i løpet av hausten, men Nes tør ikkje love nokon eksakt dato.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, me må prøve oss litt fram fyrst, og det vil truleg vere rom for å justere litt undervegs. No er ikkje me dei fyrste som set i gang med sjølvbetjening, men me må likevel tilpasse utstyret til lokalet, og me må sjølve gjere oss kjent med korleis dette fungerer i praksis, seier ho.

– Biblioteket var stengt førre veke, var det på grunna av merkinga?

– Ja, me har om lag 15 000 einingar som me skal merke, og sjølv om me har god hjelp til jobben, er det likevel tidkrevjande. Me har merka einingar i opningstida også, men fann ut at det ville vere fornuftig å stenge nokre dagar for å intensivere arbeidet noko, svarar ho.

– Samstundes får me rydda opp litt hyllene våre, legg ho til.