Anne Håtveit fra Nissedal i svevet.
Anne Håtveit fra Nissedal i svevet.

Blinde og svaksynte i trampolinepark

Ein fin gjeng med barn og ungdom frå Blindeforbundet i Vestfold og Telemark besøkte trampolineparken i Larvik sist laurdag.

– Det blei ei morosam og flott oppleving for alle, melder Terje Weber, dagleg leiar på fylkeskontoret i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parken fungerte veldig bra for gruppa med blinde og svaksynte barn og ungdommar. Den var ryddig, praktisk, sikker, oversiktleg og med mange retteleiarar. Her var det mange som blei sveitte i panna, og hoppe og slenge seg ut i et hav av skumgummibitar – er krevjande for ein som ikkje ser så godt. Det ble også tid til pause med pizza og god prat.

Trampolinebesøket blei gjennomført som ein del av prosjektet «Skal jeg leke med deg» som har som hovudmål å skape felles arenaer der blinde og svaksynte barn og ungdommer kan møtas til positive aktivitetar og opplevingar.

Prosjektet er støtta økonomisk av Extrastiftelsen.