Blade runner 2049

– Torleivs filmhjørne –

Dagens anbefaling er i ein heilt ny sjanger for dei som har fylgd spalta mi, då eg dristar meg til å anmelde ein science fiction-film som går på kino for tida. Eg har ikkje så stor sans for denne sjangeren, men av og til dukkar det opp små perler her også. Det var med blanda kjensler eg sette meg ned i kinosalen. Eg hadde høyrt mykje bra om «Blade runner 2049», men samstundes tenkte eg vel at det var berre for science fiction-interesserte at det var ein bra film. Der tok eg feil, då dette er ein film for alle filminteresserte. Filmen har emne som burde interessere alle. Kva vil det seie å vere menneske? Kan kunstig liv erstatte oss? Eller kan robotar ein dag erstatte oss, og til og med gjere opprør og bestemme over oss? Fjernar me oss frå det menneskelege i dagens høgteknologiske samfunn? Kan robotar ein gong bli våre elskarar og livspartnarar? Har kunstig liv kjensler med rettar? Slike spørsmål stiller filmen og hovudpersonane i den.

Filmens regissør er Denis Villeneuve, ein filmskapar med røynsle med mange kvalitetsfilmar bak seg. Det er ikkje berre, berre å gjere ein slags oppfølgar til filmen Blade runner frå 1982 som har fått kultstatus blant mange. Men Villeneuve greier å gjere det utan å kopiere for mykje av filmen frå 1982, samstundes som han beheld magien som den hadde. Scenografien er like majestetisk og bra som den fyrste, og filmen spinn rundt dei same spørsmåla. Desse spørsmåla klarar Villeneuve å få til å verke nye og interessante i «Blade runner 2049». Filmen klarar altså å stå solid på eigne bein samstundes som den i glimt viser til Blade runner frå 1982. Det er nesten ei verksemd i seg sjølv og godt gjort. «Blade runner 2049» kan sjåast som ein sjølvstendig film og ein treng ikkje å ha sett den fyrste filmen for å følgje med på historia i filmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Visuelt er filmen ei nyting å sjå. Det er dystert, mørkt og majestetisk og som understrekar korleis verda i filmen er i 2049. Det visuelle i filmen understrekar også den mentale tilstanden hjå menneska i filmen. Menneska er kjenslelause, kyniske og lengtar etter å vera, ja kort sagt, menneske med dei kjenslene dei har. Leita etter dette i dette samfunnet har resultert i at firmaet til Niander Wallace har konstruert ei innretning der ein kan få ei dame som er cyber-konstruert og som tilfredstiller alle dine behov. Det er berre å bestille ei innretning som ved eit klikk visuelt skapar ei kvinne, men som berre er visuell og kunstig. Filmen er ikkje overlessa med tekniske finesser og kompliserte framkomstmiddel og liknande. Det tener filmen stort på og gjer at den verkar meir truverdig enn mange andre science fiction-filmar. Dessutan så er det godt for auga å sjå denne filmen.

Litt om handlinga i filmen. Me er altså i Los Angeles i 2049. Los Angeles er overbefolka, skitten og eit monster av ein by. Ryan Gosling spelar politimannen K som sporar opp såkalla replikantar og som skal tas ut av verksemd. Replikantar er androidar (robotar som ser ut og oppfører seg som menneske) og som for nokre år sidan gjorde opprør mot menneska. Men det er berre ein modell av desse replikantane som skal tas ut. Nyare modellar får leve sidan ein meiner at ein har konstruert dei slik at dei ikkje gjer opprør att. Ein dag oppdagar K og hans overordna Joi at ein replikant har hatt eit forhold til eit menneske og fødd eit menneskebarn. Joi ser på dette barnet som ein trussel, då replikantane kan syne seg å bli særskilt menneskelege, nesten for menneskelege. Korleis skal verda bli om replikantar kan føde born? Kven skal styre når dei kan formeire seg på denne måten? Det er spørsmåla Joi stiller seg. Samstundes så får K ein stadig større motvilje mot å følgje ordrane til Joi, då han tykkjer at barnet må få vere i fred. I jakta på barnet peikar stadig spor mot K som det barnet dei leitar etter. Plutseleg vert han jaga av både Joi og Wallace. Wallace ser på barnet som ei stor forretningsmoglegheit, då det syner seg at replikantar kan produsere born. Han ser for seg at replikantane hans uav grensa kan forsyne verda med arbeidskraft som den sårt treng. Slik utviklar den spanande reisa seg i filmen.

Torleivs filmhjørne

Torleiv Berdal har mastergrad i visuell kultur, film og fjernsyn. Han anbefaler film og tv-seriar til VTBs lesarar.
Torleiv Berdal har mastergrad i visuell kultur, film og fjernsyn. Han anbefaler film og tv-seriar til VTBs lesarar.

Torleiv Berdal har mastergrad i visuell kultur, film og fjernsyn. Han anbefaler film og tv-seriar til VTBs lesarar.