Bil med falske skilt av vegen i Drivarbekkdalen

Ein bil har køyrt ut på fylkesveg 503, der det er snø og glatt føre.

Like etter halv elleve melde politiet på Twitter at ein bil hadde køyrt av vegen i Åmotsdal. 

Ein halvtime seinare kunne dei fortelje at det var i Øyfjell/Drivarbekkdalen trafikkulykka hadde funne stad. Der er det nysnø og glatt vegbane. Det skal vera store skadar på fronten av bilen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter undersøkingar på staden melder politiet at skilta på bilen var falske. 

Det skal ikkje vera tydelege personskadar, men føraren er køyrt til sjukehuset i Skien for ein sjekk. 

Vegen er open for trafikk att no. 

#VinjeØyfjell Kl 1031: Melding om trafikkulykke på Drivarbekkdalen/FV503. En bil skal ha kjørt av veien. Virker ikke å være personskade, men fører i sjokk. Politiet på stedet nå

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)2. oktober 2018

Store skader i fronten på bilen. Snø og glatt i veibanen. Fører blir tatt hånd om av ambulansen.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)2. oktober 2018