Om ein liker det eller ikkje – i kveld er det Halloween. Denne kvelden er det mange barn i mørke gater – på jakt etter godteri. Dei fleste utan refleks!
Om ein liker det eller ikkje – i kveld er det Halloween. Denne kvelden er det mange barn i mørke gater – på jakt etter godteri. Dei fleste utan refleks!

Ber spøkelsa bruke refleks

I kveld er det Halloween. Det lokkar fram mange mørke skikkelsar langs vegen, og mange bilistar kan få seg ein støkk.

– I mørke kostymar og utan refleks er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv om det er gateljos, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Risikoen for å bli påkøyrd i mørkret blir redusert med heile 85 prosent om ein brukar refleks.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kle barna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å bruke refleks, seier Voll.

Sjølv om barna ser bilen, er det ikkje sikkert «bilen ser barnet». Voll oppmodar alle som får Halloween-gjester på døra til å ta ansvar for at barna blir synlege i trafikken.

– Mange har refleksar liggande i skuffar og skåp til inga nytte. Har du ein til overs, gje den saman med godteri og syt for at barna trygt kan ha det moro på Halloween, seier Voll.

Han oppmodar samstundes små og store til å droppe klovnemaskar som kan opplevast skremmande denne dagen.

Dei siste åra er det meldt om 80 påkøyrslar av fotgjengarar i Telemark. 35 prosent av alle fotgjengarulykker skjer i mørket. Bare om lag fem prosent av dei som blir skada brukar refleks. Kvart år døyr i snitt mellom 10 og 20 fotgjengarar i trafikken i Noreg. Rundt 100 fotgjengarar blir alvorleg skada, medan kring 450 blir lettare skada.

– Utan refleks er du synleg fyrst på 25–30 meters hald. Det betyr at ein bilførar som køyrer i 50 kilometer i timen berre har kring to sekundar å reagere på før det smell. Med refleks er ein synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærljos. Med fjernljos kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand. Desse ekstra sekundane er nok til at bilføraren har tid til å reagere og liv kan reddas, seier Voll.