Kommunalsjef for undervisning, Ronde Schade, meiner det er to aktuelle løysingar i femdagars skuleveke-saka i Seljord, men tilrår dei folkevalte å vente.
Kommunalsjef for undervisning, Ronde Schade, meiner det er to aktuelle løysingar i femdagars skuleveke-saka i Seljord, men tilrår dei folkevalte å vente.

Bed politikarane utsetje innføring av femdagars skuleveke

Kommunalsjef for undervisning i Seljord kommune, Ronde Schade, meiner kommunestyret bør utsetje innføring av femdagars skuleveke til 2019.

Kommunalsjef for undervisning i Seljord, Ronde Schade, har merka seg at mange foreldre er positive til endringar i skulen, og innføring av femdagars skuleveke, men at dei ynskjer å ta større del i prosessen. 

– Eit slikt engasjement bør me setje stor pris på – det er ein ressurs for kommunen i arbeidet med kommunedelplanen, skriv Schade i saksutgreiinga til kommunestyret torsdag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det er mogleg å innføre femdagars skuleveke frå hausten 2018, men peikar på at mange foreldre opplever at prosessen så langt har vore mangelfull.

– Innføring av femdagars skule for elevane i Seljord kommune blir vurdert saman med 2019-budsjettet og påfylgjande økonomiplanar, i tillegg til ny kommunedelplan for skule og oppvekst, skriv Schade i rådmannens tilråding til dei folkevalte. 

Kan bli dyrare SFO

Kommunalsjefen skriv også i saksutgreiinga at det er knytt uvisse til finansiering av SFO-tilbodet, samt kostnaden av innføring av eventuell ekstra skyss, om ein innfører femdagarsveke for dei yngste elevane. 

– SFO skal i utgangspunktet vere sjølvfinansierande, men det er vanskeleg å vite nøyaktig omfang av behovet for tilsette og talet på brukarar i ordninga frå hausten 2018. Dette veit me ikkje før me har gjennomført påmelding til SFO, skriv kommunalsjefen. 

Han legg til at ei endring til femdagars skuleveke kan føre til auka foreldrebetaling for SFO dei komande åra, men kan ikkje seie nøyaktig kor mykje.

– Det bør uansett ordning og kostnad vere eit mål at me utarbeider ein ny felles handlingsplan for SFO i Seljord, legg kommunalsjefen til. 

Han skriv vidare at dersom kommunen vel ei løysing med gratis SFO for elevar som har krav på vanleg skyss, vil dette gje kommunen ein meirkostnad i form av auka bemanning på SFO måndag, onsdag og fredag – ein kostnad rekna til om lag 50–100 000 kroner. 

– Dersom kommunen vel ei løysing der alle elevane må betale SFO sjølve frå klokka 12.00 til 14.00, måndag, onsdag og fredag, må ein rekne med at nokre elevar ynskjer skyss heim, noko dei har rett på, skriv sakshandsamaren, men kan ikkje seie kor mykje dette vil koste kommunen før ein har sett på søknadane til SFO i slutten av april. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret i Seljord handsamar saka torsdag kveld.