Dei siste 15 åra fram til utgangen av 2014 har det blitt 74 fleire innbyggjarar i Seljord. Kommunen er den einaste i Vest-Telemark med folkevekst i denne perioden. (Arkiv
Dei siste 15 åra fram til utgangen av 2014 har det blitt 74 fleire innbyggjarar i Seljord. Kommunen er den einaste i Vest-Telemark med folkevekst i denne perioden. (Arkiv

Bare éin kommune med folkevekst

I Vest-Telemark er det bare Seljord kommune som har hatt vekst i folketalet dei siste 15 åra.

I rapporten frå Telemarksforsking om aktuelle alternativ for kommunestruktur i Vest-Telemark er det sett nærare på folketalsutviklinga. Frå år 2000 og til 1. januar 2015 viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at folketalet i Vest-Telemark er redusert med 4,2 prosent. I same periode har det vore ein auke i folketalet på 17,2 prosent på landsbasis.

«Kommunane i Vest-Telemark har store utfordringar med å ta del i den folketalsutviklinga som skjer elles i landet,» konkluderer Telemarksforsking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser ein nærare på tala for kvar kommune i regionen, er Seljord den einaste med folkevekst dei 15 åra. Auken har vore på 74 personar. Nissedal er så vidt på minussida, med åtte færre innbyggjarar. Deretter kjem Fyresdal (-55), Vinje (-180), Kviteseid (-201 og Tokke (-254). Sistnemnde har ein reduksjon i folketalet på over ti prosent.

Redda av utlendingar

Telemarksforsking slår fast at utan den auka innvandringa frå utlandet ville reduksjonen i folketalet vore betydeleg større i fleire av kommunane i Vest-Telemark.

«Samla sett har tilgjenget på utanlandsk arbeidskraft vore avgjerande for å dempe effektane av negativ innalands flytting og negativ fødselsbalanse,» skriv Telemarksforsking.

Dei seinare åra kan Nissedal seie seg nøgd med å ha hatt positiv fødselsbalanse. Ved utgangen av 2014 var 7,2 prosent av innbyggjarane mellom 0 og 5 år. For dei andre kommunane var prosenten slik: Seljord 7, Vinje 6,3, Tokke 6, Fyresdal 5,5 og Kviteseid 5. For heile Telemark var prosenten på 6,3 og i heile landet 7,2.

Elles i Vest-Telemark var det generelt mange eldre innbyggjarar, heile 16,8 prosent. Kviteseid toppar med 17,8 prosent. Prosentane for Telemark og landet er på høvevis 15,2 og 14, viser tal frå SSB per 1. januar 2015

Ventar vekst i Vinje

Framskrivingane av folketalet dei neste 25 åra syner at Vinje, Seljord og Nissedal vil få vekst i åra som kjem. Veksten i Vinje er stipulert til heile 16,3 prosent. Seljord er sett til 12,6 prosent og Nissedal 9,5.

Dei andre tre kommunane vil oppleve utfordringar med å halde oppe folketalet på dagens nivå. Prognosane for Fyresdal viser reduksjon på 0,5 prosent, Tokke 4,7 og Kviteseid nedgang på heile 7,1.

Samla sett vil Vest-Telemark få ein auke i folketalet på 5,6 prosent. Ingen av kommunane i Vest-Telemark vil få ein vekst som på landsnivåbasis.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Utviklinga gjev grunn til uro for fleire av kommunane. I og med at kommunane har eit lågt innbyggjartal frå før, vil dette vere ekstra krevjande,» skriv Telemarksforsking.

Vidare blir det peika på at fleire av kommunane framover vil ha utfordringar knytt til utviklinga rundt demografi, næringsutvikling og kamp om arbeidskraft etter kvart som det blir ein mindre del i yrkesaktiv alder.

567 nye arbeidsplassar

Innan næringsutvikling viser rapporten frå Telemarksforsking at det frå 2001–2013 blei 567 nye arbeidsplassar i Vest-Telemark. Heile 85 prosent av dei er lokalisert i Seljord, Kviteseid og Nissedal. Sistnemnde opplevde at auken i eigen kommune var på 30 prosent, og det kom 82 nye offentlege arbeidsplassar i Nissedal i perioden. I Fyresdal blei det dei tolv åra fire færre arbeidsplassar.

Vinje har største auken i private arbeidsplassar, 200. Seljord kjem like bak med 184.

Innan offentlege arbeidsplassar har alle kommunane utanom Vinje hatt auke. Det har blitt 158 færre offentlege arbeidsplassar i Vinje, noko som i stor grad ser ut til å ha samanheng med tap av statlege arbeidsplassar, står det i rapporten.

Data frå SSB, 2013, viser at 17,7 prosent av arbeidsstyrken på landsbasis jobbar i kommunal sektor, medan prosenten for Vest-Telemark er oppe i 31,5.

Telemarksforsking konstaterer at ufordringane varierer noko mellom kommunane i Vest-Telemark, men fleire av dei synest å ha eit sårbart næringsliv, spesielt knytt til landbruk og industri.

«I Vest-Telemark vil det vere viktig å ha fokus på både utvikling av nye arbeidsplassar og styrking av bustadattraktiviteten,» slår Telemarksforsking fast.