– Eg blei svært overraska då eg fekk meldinga om at kulturprisen blei tildelt meg, seier ei audmjuk Unni Bendiksen.
– Eg blei svært overraska då eg fekk meldinga om at kulturprisen blei tildelt meg, seier ei audmjuk Unni Bendiksen.

Audmjuk kulturprisvinnar

Unni Bendiksen (66) frå Åmdals Verk er årets kulturprismottakar i Tokke. Ho er mellom anna drivkrafta bak fire bøker om gruvesamfunnet og idrettslaget i bygda.

Grunngjevingane er mange for at nettopp ho får prisen i år. Men fire bokutgjevingar på fire år, der Bendiksen har vore drivkrafta, gjer at historia om gruvedrifta og samfunnet på Åmdals Verk er teke vare på for all ettertid. Ho har hatt god hjelp av Dagfinn Midtbø på dei tre fyrste binda. 

– Det fjerde bindet omhandla idrettslaget på Åmdals Verk, og den boka har ho vore meir eller mindre aleine om, seier leiar i kultur- og oppvekstutvalet, Geir Arild Djuve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elles er ho ei eldsjel som er svært aktiv i nærmiljøet. Ho er leiar i lokalstyret for Åmdals Verk gruver, og ho tek gjerne på seg å vera omvisar i gruva når det er behov for det. Stutt sagt så er ho med på mykje av det som skjer i bygda, legg han til.

Overraska prismottakar

Bendiksen vedgår at ho blei svært overraska då ho førre veke fekk melding om at ho får Tokke kommunes kulturpris.

– Det er ikkje ofte eg blir stum, men det blei eg faktisk då. Eg er innmari takksam, audmjuk og stolt over å ta i mot prisen. Bøkene som er skrivne er med på å lyfte fram arbeidarkulturen på Åmdals Verk, og det har vore viktig for meg. Elles har det blitt ein del av kvardagen å vere nesten dagleg innom gruva. Eg kan vel seie at eg har fått den historia inn med morsmjølka, på lik line med mange andre på Verket, seier ho.

Unni Bendiksen er nesten dagleg innom gruvemuseet og gruva på Åmdals Verk. – Det er litt av identiteten min, seier ho.
Unni Bendiksen er nesten dagleg innom gruvemuseet og gruva på Åmdals Verk. – Det er litt av identiteten min, seier ho.

– Gode hjelparar

Bendiksen rosar Dagfinn Midtbø og alt kjeldemateriellet han har bidrege med til dei fyrste tre bøkene. Ho rosar også alle andre som har bidrege med historier, bilete og anna.

– Utan all hjelpa hadde det vore umogleg å gje ut bøkene, seier Bendiksen.

Ho peikar også på at kulturen i området er ein viktig del av identiteten hennar.

– Gruvehistoria og det som er i nærmiljøet blir ein viktig del av deg, og for meg er det heilt klart at det har vore med og forma meg, og på den måten er det ein stor del av identiteten min, forklarer ho.

Initiativtakar

I grunngjevinga frå dei som har nominert Bendiksen blir det også peika på initiativet ho tok for å gjennomføre vandringar på gamle tufter i heimbygda. 

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det var populære vandringar mellom gamle arbeidarhus, murar og tomter som fekk fram mykje latter og mange minne blant dei frammøtte», står det å lese.

– Eg har aldri drøymt, håpa, tenkt eller trudd at eg skulle få kulturprisen. Men eg bøyer meg audmjukt og seier tusen takk, avsluttar Unni Bendiksen.