Roger Homme er glad i geografi.
Roger Homme er glad i geografi.

Aktivitetssenter i tjue år

Terje Holmbakken og Roger Homme er blant dei som trivst på dagsenteret i Treungen, tilbodet som har vore for nissedølar i 20 år.

Då skogskulen i Treungen blei lagt ned, sa politikarane i Nissedal ja til å opprette dagsenter ved Mila aktivitetssenter. Tilbodet kom på plass etter starten på HVPU-reforma (Helsevern for psykisk utviklingshemma) på landsbasis, og psykiatrireforma mot slutten av 1990-talet. Der var det søkjeljos på arbeid, aktivisering og ein meiningsfull kvardag.

– Dagsenteret er ikkje eit lovpålagt tilbod, men det står i diverse lovar at alle menneske har rett på ein meiningsfull kvardag. Derfor er det veldig viktig at Nissedal kommune har dette tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orda kjem frå Hilde Nore, dagleg leiar i full stilling på Mila aktivitetssenter. Ho er einaste tilsette ved dagsenteret, og har hatt tilknyting til denne jobben heilt frå starten i 1997.

– Den gongen reagerte mange på at ein blanda ulike brukargrupper her, men slik er det ikkje nå. Dei som har vore her lenge er for at det er blanding av brukarar, seier Nore.

12 faste plassar

Terje Holmbakken viser stolt fram bildet frå då dagsenteret var på flytur i Sandefjord.
Terje Holmbakken viser stolt fram bildet frå då dagsenteret var på flytur i Sandefjord.

Plassar på dagsenteret blir tildela via tenesta for psykisk helse eller tenesta for funksjonshemma i Nissedal kommune. Opp gjennom åra har 31 personar nytta tilbodet, og fire av dei har vore der sidan starten i 1997. I dag er det 12 faste plassar på senteret, og i tillegg éin person via vidaregåande opplæring.

Bebuarar på Kåsa bu og avlasting, naboar til omsorgssenteret, tek turen saman med tilsette til dagsenteret dei fyrste fire dagane i veka tilbodet er ope. Fire personar er på dagsenteret éin dag i veka.

Senteret har også tatt imot andre personar enn dei som har fått vedtak om plass. Døme er språkplassar for innvandrarar, arbeidstrening, vidaregåande opplæring og det har blitt selt plassar til Åmli kommune. På Mila har det alle 20 åra vore vaksenopplæring.

På fredagane er det eit lågterskeltilbod ved Mila, eit tiltak som starta i 1998 og der i snitt ti personar er innom kvar gong. Ei 20 prosent stilling blir bruka til tiltaket.

– Eg er innmari glad i dette huset og dei som brukar det. Me har vore heldige at politikarane har skjerma dette bygget, slik at ei såpass lita gruppe kan vere her, seier Nore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles på Mila er ei barselgruppe der fast ein dag av og til gjennom året. Bygget er også i bruk til ulike kommunale møte, og leigast ut til diverse arrangement som bryllaup, konfirmasjonar og feiring av gebursdagar.

Fylkeskart:Roger Homme er glad i geografi.

Me har vore heldige at politikarane har skjerma dette bygget, slik at ei såpass lita gruppe kan vere her.

Hilde Nore

Kila i magen

På Mila aktivitetssenter går Terje Holmbakken rundt med eit stort smil. Det er ikkje bare fordi han likar seg der, men denne dagen er han 45 år.

– Eg har bestilt eplekake og is, seier Holmbakken om ynsket han får oppfylt.

Han har mellom anna vore med dagsenteret på flytur i Sandefjord, og syner eit bevis som er på veggen saman med mange andre bilde over aktivitetar og anna.

– Det var fint, men skummelt å fly. Eg var kjemperedd, fordi det var så lenge sidan sist flytur. Eg veit ikkje om eg har lyst til å fly att, for det kila i magen. Men kanskje det blir tur att, seier 45-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vaksenopplæringa på Mila har Roger Homme hatt faget geografi, noko han er veldig oppteken av. Han har laga oversikt over alle 18 kommunane i Telemark og dei 15 i Aust-Agder, og kan alle kommunevåpna.

– Her på Mila har eg det triveleg. Onsdagar spelar eg trommer i husband – fantastisk, seier Homme.

– Trommer og å vere vaktmester her er det gildaste, legg han til.

Onsdag 29. november er det hyggekveld på Mila og feiring av at dagsenteret er 20 år. Brukarane av senteret med pårørande og følgjepersonar er inviterte. Andre med tilknyting til huset er velkomne på festen med påmeldingsfrist.