Seljord elektriske viser fram noko av vareutvalet sitt ein gong på åttitalet.

Seljord Elektriske: 75-åring med djupe røter og blikket mot framtida

I 1943 starta Einar Tufte butikk heime hos seg sjølv på Brøløs i Seljord. Då selte han koks og lamper. 75 år seinare har det skjedd mykje med vareutvalet, og barnebarna driv forretninga vidare.

– Eg hugsar bestefar godt. Eg var vel åtte år då han døydde i 1972. Han var kremmar og handelsmann på sin hals og selte det han kom over. Han selte til og med kjøkkenknivane til bestemor. Han var kreativ og original, forfattar var han også, og skreiv i alt fem bøker, fortel dagleg leiar av Seljord elektriske, namnebror og barnebarn til han som etablerte verksemda for 75 år sidan, Einar Tufte.

Les også
Nå sel Tufte-familien bedrifta: – Vemodig, men heilt rett

Familiedrive

I 1921 starta Einar Tufte Seljord dropsfabrikk & SelSeljord bakeri. Det var ikkje så lenge han heldt seg til drops, og under krigen byrja han å selje koks og elektriske artiklar som lamper. Han dreiv butikken frå heimen Fjellheim på Brøløs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Drifta utvikla seg og etter kvart blei det jernvarer, kvitvarer og byggevarer, fortel Einar Tufte.

Einar Tufte (den eldre) fekk tvillingsønene, Odd og Tore, og dei starta i verksemda alt frå dei var om lag fjorten år. Sidan har det vore ei familiebedrift.

Einar Tufte var ein gründar og alt i 1921 starta han Seljord dropsfabrikk. Seinare gjekk vegen til elektriske artiklar.
Barnebarnet skildrar Einar Tufte som ein kreativ mann som var kremmar og handelsmann på sin hals. Han starta Seljord elektriske i 1943.
I dag er det fetterane Ole (f.v.) og Einar Tufte som er daglege leiarar av Seljord elektriske. I tillegg er broren til Ole, Lars, medeigar, medan broren til Einar, Sverre, er servicesjef.

– I dag er fetteren min, Ole og eg daglege leiarar. I tillegg er bror min Sverre servicesjef og bror av Ole, Lars er medeigar. I alt er me fire medeigarar og det er fullt og heilt ei familiebedrift. Me likar å halde på sjølve, og set pris på den kontakten med kundane det gjev, seier Einar.

– Konkurransen er tøff. Det er mange rundt her som driv i bransjen, både i Bø og Åmot, så det er mange å konkurrere mot. Då er det om å gjere at kundane trivst med å handle her, det er viktig å ha dei rette prisane, yte god service og vere til stades om det skulle vere noko.

Einar byrja å jobbe i butikken som sommarhjelp då han var femten-seksten år. Bedrifta har alltid vore ein del av både familien og livet, og planen er at det skal halde fram som familiebedrift.

– Dette er ein livsstil, og ein arbeidsdag frå åtte til fire er heller unntaket. Ein må villa det om ein skal halde på med dette. Eg har ein son, Harald, som er interessert. Han gjeng på skule nå, så me får sjå kva det blir til. Det skal vere frivillig i alle fall, det er det aller viktigaste. Ole har også tre søner, men dei er litt unge enno, så me får sjå kva framtida bringer.

I eitt hus

Lenge var Seljord elektriske spreidd over fleire lokale på Brøløs, men i 2011 samla dei heile forretninga i eit stort lokale på industriområdet på Vekan. Dei har vore tilknytt kjeda Byggmaker i nærare 30 år, men det er framleis dei fire Tufte-fetterane som eig butikken.

– I dag ser me at mange bedrifter har blitt kjøpt opp av kjeder, seier Einar Tufte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er stolte over at me framleis er lokaleigd, seier Ole Tufte.