Seljar Stian Forberg (t.v.) og dagleg leiar Terje Nordstoga ved Funnemark i Seljord trur det er marknad for sal av Mercedes i Øvre Telemark.
Seljar Stian Forberg (t.v.) og dagleg leiar Terje Nordstoga ved Funnemark i Seljord trur det er marknad for sal av Mercedes i Øvre Telemark.

5 år sidan

Funnemark i Seljord kom i ein vanskeleg situasjon då Toyota Hiace gjekk ut av produksjon. Det gjorde at 25 prosent av bedriftas årlege bilsal blei borte, og bilforhandlaren i Seljord kunne ikkje lenger tilby kundane nye kassebilar med firehjulstrekk. I juni i fjor blei det klart at Funnemark i Seljord blir Mercedes-forhandlar. Måndag opna dørene i den nye butikken som er bygd saman med den eksisterande Toyota-butikken. Totalt er det investert 25 millionar kroner.

– Det har vore ein jamn straum av folk innom. Mange er nysgjerrige, seier Stian Forberg, ein av to Mercedes-seljarar i Funnemark Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då VTB var innom tysdag var det alt selt ni bilar, fem av desse var Vito som er Mercedes' svar på Hiace.

– Alt av sal som blei gjort før opninga er bonus, men me selde også ein bil på opningsdagen, og det er moro, seier Forberg, som trur det er ein marknad for eit såkalla premiummerke i Øvre Telemark.

Totalt er det 28 tilsette i Funnemark i Seljord. I Mercedes-avdelinga er det to seljarar, fire mekanikarar og to på kundemottaket. Det er tilsett ein ny seljar, og dagleg leiar Terje Nordstoga varslar at dei også er på utkikk etter ein ny mekanikar.

Toyota vil framleis vera hovudfokus ved avdelinga i Seljord. På årsbasis er målet å selje 250 Toyotaer og 100 Mercedesar, i tillegg til 350 bruktbilar. Nordstoga seier dei har eit stort nedslagsfelt som femner om Notodden, Bø, Hjartdal og Tinn, i tillegg til Vest-Telemark.

Den daglege leiaren er stolt over å vera med å lyfte denne delen av Brøløs.

– Det har skjedd mykje dei siste vekene. Innspurten har vore hektisk, men det er berre moro å vera med på noko slikt, seier Nordstoga og Forberg.