Kjetil Liane, Martin Olsen, Torgeir Moen, Rune Bakken, Torgeir Gjeldstad, Lennart Gjergjordet og Vegard Nordstoga. Heilt bak Vegard Berge og Ole Bjørn Bråten.
Kjetil Liane, Martin Olsen, Torgeir Moen, Rune Bakken, Torgeir Gjeldstad, Lennart Gjergjordet og Vegard Nordstoga. Heilt bak Vegard Berge og Ole Bjørn Bråten.

15 år sidan

Seljord har eit aktivt bordtennismiljø med trening to dagar i veka og deltaking i serien i 3. divisjon. Primus motor Ole Bjørn Bråten ynskjer endå fleire spelarar, enten i bordtennisgruppa i Seljord, eller ved å stifte eigne grupper i nabobygdene. Bordtennisgruppa til Seljord Idrettslag er med i serien i 3. divisjon med eit fire-mannslag og spelar mot lag i Vestfold, Buskerud og Telemark elles. Laget reiser også på turnering med jamne mellomrom. Den fyrste turneringa denne sesongen var førre helg i Drammen, samtidig med seriestarten. Kvar måndag og torsdag er det trening i underetasjen på ungdomsskulen i Seljord sentrum.

– Det brukar å vera frå åtte til femten spelarar på treningane, seier Ole Bjørn Bråten, trenar og drivkraft i bordtennisgruppa. Det er andre sesongen bordtennisgruppa er aktiv. Nokre av spelarane er med for andre året, men dei fleste er nye i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemark rundt for å skaffe pass. Vel, ikkje heilt slik kanskje, men skal ein ut og reise kan det vere lurt å skaffe seg pass i god tid. Venke Bakke fekk erfare det då ho skulle skaffe pass til dottera Mari. Ho hadde ei veke på seg. Forutan Tokke måtte ho innom både Vinje og Kviteseid for å få ordna alle formalitetar.

– Vanlegvis blir pass bestilt frå Rjukan. Sidan me skulle ut og reise innan ei veke, kunne ikkje lensmannskontoret på Dalen garantere at me ville få passet i tide. Me vart informert om at lensmannskontora i Kviteseid og Fyresdal kunne utstede pass på dagen. Det same kunne politikammeret på Rjukan, seier Bakke. Ho valde å ta kontakt med lensmannskontoret i Kviteseid.