Synlege i trafikken: Sigrid Langen (f.v.), Karl Midtveit Lauritsen, Magne Christenson, Kevin Hovden Sletta og Million Teklom Ghilay. Sigrid Edland Bjåen var ikkje tilstades denne dagen. Frå sanitetslaget var Lisbeth Gytri Christenson og Marit Bratland.

Refleksvestar til 1. klasse på Edland skule

Øvre Vinje sanitetslag tok turen til Edland skule og delte ut refleksvestar til 1. klasse.

Lisbeth Gytri Christenson og Marit Bratland frå sanitetslaget synest det var morosamt å prate med elevane om tryggleik i trafikken og om viktigheita av refleksbruk.

– Takk til kontaktlærar Tove Ubostad og dei flotte og sprudlande elevane, seier Christenson.