Hula-hula i Seljord

Vetle på Colibri i Seljord er ikkje redd for å gå nye vegar. Eller kva skal ein seie om Hawaii-song og -musikk, hula-hula og magedans på Brødløs? Det er fredag kveld det skjer. Charlene Paulo (biletet) heiter den eksotiske skapnaden som kjem her nord for å synge i advent, og det er ikkje «Det lyser i stille grender» eller «Nå har vi vaske gølve», men Hawaii-inspirera låter med to hula-hula-dansarar som dekorativ bakgrunn. Pressemeldinga frå etablissementet til Vetle og Norsk Talentbyrå lovar elles at det skal bli høve til å lære seg magedans. I advent. Slå den!

Hula Hula: Eksotisk dans