Vil sende klaga på massetaksvedtaket vidare. – Uheldig at planforslaget kom så langt før prosessen blei stoppa

Formannskapet i Nissedal skal fyrstkomande onsdag handsame klaga på vedtaket der politikarane sa nei til Homme massetak.

VTB har tidlegare skrive om klaga frå grunneigar Halvor Homme og Morten Solberg frå entreprenør Kjell Asbjørn Solberg AS, der dei mellom anna peikar på det dei meiner er «pinleg og uprofesjonell forskjellsbehandling». Klagarane meiner vedtaket er fatta på feil premissar.

Les også
Kraftsalver mot politisk nei til massetak: «Pinleg og uprofesjonell forskjellsbehandling»

I si vurdering viser sakshandsamar og planssjef Mona Helen Stenberg Straume til at administrasjonen tilrådde å godkjenne planen då saka var oppe til politisk handsaming i oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunedirektøren meiner planforslaget med planomtala og korrigerte føresegner slik det blei lagt fram til eigengodkjenning i kommunestyret var godt gjennomarbeidd og kunne godkjennast. Slik blei det ikkje i formannskapet eller kommunestyret, heiter det i sakspapira til formannskapet.

– Kommunedirektøren meiner den samla vurderinga i saksframlegget ved sluttbehandlinga framleis skal gjelde. Sjølve planforslaget er godt gjennomarbeidd og i samsvar med kommuneplanens intensjonar.

Sakshandsamar viser også til plan- og bygningslovas paragraf 12, der det er stipulert at dersom kommunen stoppar ein planprosess kring eit privat initiativ, skal dette skje «så tidleg som råd i oppstartsfasen, og seinast like etter oppstartsmøte».

– Det er uheldig at planforslaget kom så langt som til endeleg vedtak i kommunestyret før prosessen blei stoppa, kommenterer sakshandsamar.

Til Statsforvaltaren

I saka blir det også orientert om saksgangen ved klager i plan- og byggjesaker. Dersom formannskapet tek klaga til fylgje, vil den gå vidare til kommunestyret med forslag om å endre vedtaket. Dersom den ikkje blir teken til fylgje, vil den gå til Statsforvaltaren med uttale frå formannskapet som vedlegg. Kommunedirektøren tilrår sistnemnde alternativ:

– Nissedal formannskap tek ikkje klaga til følgje, klaga sendast til Statsforvaltar for vidare handsaming.