Nytt produkt: Arne Roar Rygh i Treungen Sport & Fritid har fått designa Nissersluken som han ynskjer skal bli produsert. Rygh held likevel fram med å drive sportsbutikken, og der får han hjelp av Ivar Holte Lauvland.

Trur fisken vil bite meir på sluk påtrykt tre nisseluer

Arne Roar Rygh i sportsbutikken i Treungen søkjer Nissedal formannskap om støtte til å produsere slukar der dei tre nisseluene frå kommunevåpenet er med. Han håper politikarane bit på søknaden, og er sikker på at fisken i Nisser vil slå til på det nye produktet.

I sine fotballglade dagar for ein del år tilbake spelte Arne Roar Rygh frå Treungen på eit lag i Drangedal, og der var også drangedølen Helge Refsdal med.

Rygh fekk i fjor høyre at den tidlegare lagkameraten i Drangedal hadde laga ein fiskekrok med namnet Refsdals rødveps.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han har selt slike fiskekrokar som bare det, seier Rygh.

Han tenkte å ikkje vere noko dårlegare enn drangedølen på det å få til ein spesiell fiskekrok. Rygh tenkte han kunne lage ein Nissersluk, men akkurat det forslaget var det nissedølen Jan Tore Nes som var fyrst ute med.

Reklameprodukt

Nå har ideen kome så langt at det på papiret er designa kvar sin Nissersluk i gult og bronse. Det er snakk om Lillauren 12 og 7 gram. Saman med teikninga har Rygh sendt søknad til kommunen om økonomisk støtte på 25 000 kroner til å produsere Nissersluken.

Rygh har kontakta Sølvkroken, som har svara at for å kunne sette i gang produksjonen, er kravet minimum 500 slukar.

Ynsket til Rygh er å bestille 500 slukar a 7 gram og like mange 12 grams. Den totale kostnaden kjem på 50 000 kroner.

– Nissersluken vil sjå ut som kommunevåpenet, og kan ha svært positiv verknad som reklameprodukt, skriv Rygh i søknaden til kommunen.

Kven får størst fisk?

Eigaren av sportsbutikken treng hjelp for å realisere slukprosjektet.

– Eg er avhengig av støtte frå kommunen i desse tider med auka straumutgifter og færre folk på hyttene. Det er færre kundar her – det merka me før jol, seier Rygh.

Artikkelen held fram under annonsen.

To ulike: Nissersluken er tenkt i to variantar, og båe skal ha med tre nisseluer.

Han trur Nissersluken vil slå an og ha ein kjempeeffekt, og avsluttar med desse orda:

– Eg trur sjølvsagt fisken bit meir på Nissersluken enn alle andre slukar. Og med Nissersluken skal eg konkurrere med Drangedal. Er det min sluk eller Refsdal sin som får den største fisken?

Fullt køyr framover

I mars i fjor blei det kjent at Rygh skulle drive sportsbutikken sin fram til pensjonisttilværet byrja. Då skulle han gje seg med drifta, og håpa nokon ville overta butikken.

Så viser det seg at Rygh frå 1. januar 2023 ikkje har blitt pensjonist i meir enn det som tilsvarar ei halv stilling. Den andre 50-prosenten går ut på å fortsette i sportsbutikken. Med seg der har han fått treungen Ivar Holte Lauvland i ei 50 prosent stilling.

– Her i sportsbutikken blir det fullt køyr framover. Og ved å vere noko pensjonist får eg meir tid til å fiske og gjere andre ting, seier Rygh nøgd og med eit smil.