Avgangselevar: Guro Ringhus (t.v.) og Rena Gustavson trivst godt på Vest-Telemark vgs. Bak kjem Anne Berge, Maria Haugland, Katrina Vinjerui og Buqari Osman. Dei synest det er ein fordel å gå på ein skule som ikkje er så stor.

Studiespesialisering er ikkje berre ei linje du går på fordi du ikkje veit kva du vil bli. – Me har alle moglegheiter

Kontrasten er stor mellom 1. og 3. klasse på studiespesialisering på Vest-Telemark vgs. I 3. klasse er dei 22 elevar, medan dei berre er fem i 1. klasse. Men éin ting har elevane til felles – dei føler at lærarane ser dei.

– Eg syntest Dalen verka best, fordi det er litt mindre og du blir meir sett av lærarane, seier Anne Berge.

Ho går i 3. klasse på studiespesialisering på Vest-Telemark vidaregåande, og kjem frå Morgedal. Geografisk ville det vore like naturleg for henne å velje Kvitsund eller Bø, men ho valte Dalen sjølv om ho ikkje kjente andre som skulle dit. Ho har ikkje angra.

Artikkelen held fram under annonsen.

På vg3, altså tredje og siste året på studiespesialisering, er dei i år 22 elevar. Elevane kjem frå ulike kommunar i Vest-Telemark.

Guro Ringhus frå Vinje meiner også det er ein fordel at skulen ikkje er så stor.

– Me blir veldig godt kjent med lærarane, også privat, dei kan meir enn namnet vårt, liksom. Og me treng det, i denne fasen av livet, å bli sett, seier ho.

For Buqari Osman frå Vinje var det geografi som avgjorde valet om vidaregåande skule.

– Det var dette som var nærast, og eg orka ikkje å flytte på hybel, seier han.

– For meg var det moglegheita til å velje breiddeidrett som var avgjerande, fortel Rena Gustavson

Ho kjem frå Fyresdal og har eigen hest. Om ho for eksempel skulle flytte til Bø for å gå på skule ville det blitt veldig dyrt og upraktisk å ha med seg hesten. Men på Vest-Telemark vgs. tilpassar dei slik at riding blir ein del av timeplanen, og nokre dagar kan ho reise heim tidlegare for å ri.

– I tillegg lærer me meir om forskjellige idrettar, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fortel at nesten alle i klassa hadde breiddeidrett i fyrste og andre klasse.

– Det er mykje det same som på idrettslinja, men me har mindre av teorien som dei har, fortel Guro.

– Det er veldig godt å gjere noko anna i løpet av skuledagen, meiner Anne.

Fyrste og andre klasse er saman når dei har breiddeidrett. Det var litt skummelt i starten då dei gjekk i fyrste. Men det gjekk greitt etter kvart.

– I gymmen får mange vist andre sider enn i klasserommet, og det kan vere lettare å skape relasjonar i gymmen, seier Guro.

– Det blir nesten som privatundervisning

Topp fagleg: Ingbjørg Skolås (t.v.) frå Øyfjell og Rahel Tewelde frå Åmot går i fyrste klasse på studiespesialisering. Dei synest det er topp fagleg å gå i ei lita klasse, men ikkje like bra sosialt.

Rahel Tewelde frå Åmot og Ingbjørg Skolås frå Øyfjell går i fyrste klasse på studiespesialisering. Dei er berre fem i klassa.

– Korleis er det?

– Litt rart. Fagleg er det veldig bra for me får utruleg god oppfølging og hjelp av lærarane. Det blir jo nesten som privatundervisning, seier Ingbjørg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men sosialt er det ikkje like bra. Heldigvis har me vore heldige å få ei klasse med hyggelege og greie folk, og alle kjem godt overeins, legg ho til.

Rahel gjekk på ungdomsskule i Åmot og dei var om lag femten i klassa, medan Ingbjørg gjekk på Rauland der dei var atten. Fleire av klassekameratane går på Vest-Telemark vgs., men har valt andre linjer.

– Du skal liksom kome på vidaregåande og møte nye folk, men så blir det ikkje heilt slik, meiner Rahel.

Dei er glade for at dei har nokre fag saman med andre klasser – gym, samfunnsfag og engelsk. Det hjelper litt, men blir likevel ikkje heilt det same som å ha ei litt større klasse.

Det var det faglege som var avgjerande då Ingbjørg skulle velje vidaregåande utdanning.

– Eg trur det er lettare å gjere det bra på skulen om ein kan bu heime og ikkje flytte. Og lærarane her er veldig gode, seier Ingbjørg som kan tenke seg å studere noko innafor medisin etter vidaregåande, og har derfor valt studiespesialisering som gjev henne mange moglegheiter.

– Men er det verdt å ofre det sosiale?

Det spørsmålet stiller Ingbjørg seg nå når det nærmar seg fristen for å søke på andre skular. Både ho og Rahel grublar mykje på kvar dei skal gå på skule til hausten, og dei vurderer begge å bytte. Men det er ikkje eit enkelt val.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg byrja eigentleg på helsefag i haust, men bytta over til studiespesialisering, og eg er så glad i gå her. Men me er berre 16—17 år ein gong i livet, seier Rahel.

– Er det noko skulen eller andre kunne gjort for at det sosiale vart betre, trur de?

– Det var om det kom fleire folk i klassa, men eg trur kanskje ikkje det skjer, seier Ingbjørg.

– Om det skjedde meir her etter skuletid er det også litt vanskeleg for meg som bur i Øyfjell. Då må eg fyrst heim og så ned att til Dalen og så heim att etterpå.

Det at elevane bur såpass spreidd gjer det litt vanskeleg å møtast etter skuletid.

– Trur de det er litt annleis for 3. klasse der dei er over 20?

– Ja!

– Er de litt misunnelege på dei?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja!

Meiner yrkesfag vart meir fremja

I tredjeklasse er dei klar over at årets fyrsteklasse er liten, og synest det er synd. Dei fortel at skulen har vore kjent for det gode miljøet over lang tid. Vest-Telemark vgs. har også gode resultat, høg fullføringsprosent og gode resultat på elevundersøkingar. Elevane i tredjeklasse er veldig klare på at dei ville anbefalt Vest-Telemark vgs. til andre.

– Linja eller skulen?

– Begge delar, svarar Anne.

– Studiespesialisering er ikkje berre ei linje du går på fordi du ikkje veit kva du vil bli, påpeikar Maria.

– Eg trur også det tredje året med påbygg kan vere ganske tungt, seier Anne.

Dei fortel også at ein absolutt ikkje treng å ha toppkarakterar frå ungdomsskulen for å gå på studiespesialisering.

– Det er litt dumt om dei som går i tiande nå trur at du berre må ha fem og seks i alle fag for å gå studiespesialisering, for du må ikkje det, seier Guro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me lærer veldig gode arbeidsmetodar, fortel Maria.

– Det er mange som seier; kvifor gidd du å velje studiespesialisering? Det er jo akkurat det same som ungdomsskulen. Men det er ikkje det. Me har mykje meir moglegheit til å velje sjølve, og blir ikkje fortalt at me skal gjere det og det. Om ein blir det, mistar du motivasjonen, meiner Guro.

God gjeng: Anne Berge frå Morgedal (f.v.), Maria Haugland frå Dalen, Katrina Vinjerui frå Byrte, Guro Ringhus frå Vinje, Buqari Osman frå Vinje og Rena Gustavson frå Fyresdal anbefaler både studiespesialisering og skulen dei går på til andre.

Dei hugsar sjølve korleis det var å gå på ungdomsskulen, og skulle velje vidaregåande skule.

– Det var mykje fokus på arbeid ein kan få med å gå yrkesfag – det vart mykje meir fremja, seier Guro, og dei andre nikkar attkjennande.

Buqari fortel at han fyrst starta på helsefag fordi han ville gå i ein helsefagleg retning, men hadde fordommar mot studiespesialisering og trudde det var veldig teoritungt og vanskeleg. Han bytta kort tid etter skulestart då han fekk betre informasjon og forstod meir kva studiespesialisering er og at det passa betre for han.

Ungdomane meiner at dei fekk lite informasjon om alle yrka og utdanningane du kan velje om du fyrst tek studiespesialisering.

– Alle er ikkje interessert i yrkesfag. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i at me bur på bygda og her er dei fleste glad i yrkesfag, påpeikar Guro.

I haust var dei til Edinburgh, ein tur som er finansiert av skulen og Tokke kommune, elevane har berre bidratt litt på dugnad.

– Det var veldig moro – heilt fantastisk, seier Guro, og dei andre nikkar.

Dei vart veldig godt kjente, fekk mykje fridom av lærarane og fekk prøve korleis det er å vere i utlandet utan foreldre.

Skuletida i Vest-Telemark nærmar seg slutten for ungdomane. Snart ventar russetid og for kullet som har hatt store delar av tida på vidaregåande medan det var pandemi – deira fyrste eksamen. Dei har ulike planar til hausten.

Buqari håpar det blir psykologistudium i Oslo, Maria vil bli lærar, Anne skal på folkehøgskule, nokon vil jobbe og reise, men endå er ikkje alle planar lagt.

Ein ting er likevel sikkert. Dei har mange moglegheiter.

– Eg gler meg til å studere, og har valt realfag for å ha alle moglegheiter, seier Anne.