Orienterte: Åsne Berge (t.h.) er avdelingsleiar for studiespesialisering på Vest-Telemark vgs. Hilde Alice Vågslid (Ap) er ein av politikarane som fekk orientering om stoda på skulen.

Utfordrande å rekruttere til studiespesialisering. – Kva kan kommunen bidra med?

Vest-Telemark vidaregåande skule har utfordringar knytt til rekruttering til studiespesialisering. Då skuleåret tok til i haust var det berre seks elevar som starta opp på studiespesialisering på Vest-Telemark vgs. på Dalen.

Elevtalet har sjølvsagt svinga opp gjennom åra, men det har aldri vore så få på denne linja før.

Denne veka var deler av leiargruppe frå skulen invitert til å orientere formannskapet om status på skulen. På agendaen var rekruttering til skulen, og korleis Tokke kommune kan bidra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 24 til 6 på 3 år

Rektor ved Vest-Telemark vidaregåande, Siv Reidun Eide, fortel at det er stor interesse for linjene på yrkesfag, men utfordringane er knytt til interessa for studiespesialisering, og at dette uroar.

Les også
Fylkeskommunen investerer over ti millionar i skulen

Om ein ser på utviklinga dei siste åra, ser ein at tala har svinga før også. Skuleåret 2012/13 var det 36 elevar på studiespesialisering, men i fjor var det tolv og i år er det berre seks elevar som går i 1. klasse.

– Me har kanskje mista enkelte til andre vidaregåande skular, men me har henta fleire enn me har mista. Me har klart å få ein stor del av elevane til å kome til oss, men de ser at det er ein skikkeleg dupp nå i det siste, fortalde Åsne Berge som er avdelingsleiar for studiespesialisering.

Ho viste til tal som viser utviklinga dei siste elleve åra – kor mange elevar det er på heile vg1, kor mange som går studiespesialisering og kor mange elevar det var i 10. klasse året før i dei tre kommunane Fyresdal, Tokke og Vinje, som er kjerneområdet til skulen.

– I fjor var me nede på 60 elevar totalt på vg 1, det er rett nok berre tjue som ikkje er der. I år har det gått litt opp att, men me skal også vere klar over at halvparten av denne oppgangen er elevar frå Ukraina, forklarte Berge.

I 2020/21 var det 24 elevar som gjekk på studiespesialisering.

– Me var overraska då det berre var tolv elevar året etter, og ganske paffe då me fekk seks i haust. Det har gått fort, sa Berge.

Utviklinga: Den oransje linja viser utviklinga på vg1, alle linjer, den gule linja viser utviklinga i 10. klasse året før i dei tre kommunane Fyresdal, Tokke og Vinje. Den kvite linja viser utviklinga på studiespesialisering. (Frå orienteringa til Vest-Telemark vgs.)

– Dei har ikkje noko å gjere på kveldane

Leiinga på skulen har stilt seg spørsmålet om kva som er årsaka til utviklinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berge fortel at dei har gode resultat, høg fullføringsprosent og gode resultat på elevundersøkingar. Ho snakka også om innhaldet i tilbodet på skulen.

– Kva skal me seie? Me har kanskje det «traustaste» studiespesialiseringstilbodet. Me har realfag og språk- og samfunnsfag. Me har ikkje idrettsfag eller musikk, dans og drama, som kanskje trekker nokon. For å starte slike tilbod må du ha eit stort elevgrunnlag, sa Berge.

Ho påpeikte at det også er svært ressurskrevjande tilbod, og at det ikkje går å tilby idrett med fem-seks elevar. Og at få elevar heller ikkje skaper ein god økonomi for skulen.

Skulen har alt sett i gang ulike rekrutteringstiltak som arbeidslivsveke, aktivitetsdag for 9. klasse, praksiskveldar og infokveldar, der dei møter ungdomsskuleelevane og yrkesmesse.

Spørsmålet på formannskapsmøtet vart då – kva kan kommunen bidra med?

I 2022 hadde Tokke kommune 300 000 kroner til Vest-Telemark vgs. på budsjettet sitt. Det var fyrste gong det låg inne i budsjettet, og tilskotet er løpande inntil noko anna blir bestemt. Pengane bidrar til at elevane på studiespesialisering kan reise på utanlandstur. I vår var elevane til Lofoten og i haust til Edinburgh.

Men kan dei gjere meir?

– Det er to ting me tenker på; kommunen møter grunnskuleelevane, så me kan drøfte om det er meir me kan gjere innafor rådgjevinga, om ein jobbar nok for å vise moglegheitene som ligg innafor høgare utdanning og studiespesialisering, og om ein snakkar like mykje om behova for desse yrka som andre. Eg er heilt sikker på at det blir gjort mykje godt arbeid her altså, sa Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Invitert til formannskap: Rektor Siv Reidun Eide (t.v.), avdelingsleiar for pedagogisk støtte Birgit Johanne Kovajord Olsnes og lektor og rådgjevar Knut Magne Momrak på Vest-Telemark vgs.

Men skuleleiinga meiner likevel det er ein annan stad skoen særleg trykker, nemleg fritida.

– Det er ein ting til som de kan bidra med, og det er å gjere det attraktivt å vere ungdom mellom 15 og 19 år i Vest-Telemark, sa Berge til politikarane.

– Me trur også me må utvide skulen som møtestad også etter skuletid. Elvarheim er dei ferdig med, det er klar beskjed, la ho til, og då Hilde Alice Vågslid (Ap) stilte spørsmål om kvifor fleire ikkje vil bu på hybel var svaret ganske klart:

– Dei eg snakkar med svarar utelukkande at dei ikkje har noko å gjere på kveldane. Dei veit at dei skal bu ein stad der det ikkje skjer noko og det synest dei er keisamt, svara Knut Magne Momrak, som er lektor og rådgjevar.

Det var fleire innspel på korleis kommunen kan bidra. Til dømes gjennom ei «hybelpakke», at elevane som bur på hybel får bustøtte, gratis inngang på Tokkebadet og Tokkegym, kinobillettar og måltid. Internat eller hybelhus blir nemnt, aktivitetar som gaming eller idrett i hallen, og noko av det viktigaste, ungdommane bur spreidd og må kome seg heim på kveldane, og kanskje ordninga heim for ein 50-lapp kan utviklast slik at den går på tvers av kommunegrensene.

Det har ikkje kome ei bestilling på saka til administrasjonen i kommunen, men ordførar varsla at det vil gjere det, truleg til møtet i mars.