Vinnarbedrifta Lokalhjelpern UB: Frå venstre: Henning Jansen, Sondre Tørre Steinde, Ole Didrik Fosse Didriksen og Simone Berger Godtfredsen.

Pallplassering til to av Kvitsundbedriftene på Gründer-idol. Ei av dei gjekk heilt til topps

– Det var ei fantastisk kjensle, seier leiaren i vinnarbedrifta på Gründer-idol 2022.

Måndag 7. november var Kvitsunds fire elevbedrifter hos Telemark Næringshage for å «pitche» ideane sine. Det var ei øving til konkurransen Gründer-idol på Skien vgs, 15. november. Her – to veker seinare – stakk to av bedriftene av med pengepremiar.

Elevbedrifter frå heile Telemark

Det er tidleg morgon og dei spente Kvitsund-elevane går inn dørene på Skien vidaregåande skule. Etter registrering og litt øving på framføringa går dei og set seg i eit stort auditorium. Denne dagen er elevbedrifter frå heile Telemark samla for å fortelje om sine bedrifter. Heilt fremst sit eit panel med næringslivstoppar frå regionen. Ein etter ein kjem elevane opp og presenterer si bedrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at alle 19 bedriftene hadde presentert, kunne elevane puste letta ut. Etter lunsjpause fekk bedriftene mentorsamtalar med fleire frå panelet. Nokre timar seinare var det klart for prisutdeling. Deltakarane blei vurderte etter tre kriterium: framføring av «pitch», berekraft og behov for ideen.

Juryen bestod av Hedda Foss Five (ordførar i Skien), Tore Hammersmark (dagleg leiar i Skien By), Frode Halvorsen (banksjef i Sparebanken Sør) og Einar Håndlykken (dagleg leiar for Odds ballklubb). Etter å ha tenkt seg nøye om hadde dei kome fram til tre vinnarar.

Kjente adrenalinet boble

– Bedrifta har funne fram til ein ide som det verkeleg er behov for i marknaden. Me trur den vil hjelpe mange, sa jurymedlem Halvorsen før han avslørte at vinnaren var Kvitsund-bedrifta Lokalhjelpern UB.

– Det var ei fantastisk kjensle og hjartet banka skikkeleg då dommarane på scena byrja og hinte til at det var vår bedrift som vann, seier Henning Jansen, leiar i vinnarbedrifta.

– Eg er skikkeleg stolt av heile gjengen, seier han og trur at sigeren kjem til å vere ein motivasjon til å stå på vidare.

Andreplassen gjekk til Iglo UB frå Porsgrunn vgs, ei bedrift som skal hekle allergivennlege vottar. På tredjeplass kom Birdie UB, også frå Kvitsund.

– Me forstod ikkje at me hadde vunne før dei nemnde slagordet vårt «kast riktig plast», seier Andreas Sundvoll, dagleg leiar i Birdie UB. Han blei positivt overraska og kjente at adrenalinet bobla.

– I tillegg gjev det ein boost til å jobbe vidare med bedrifta, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalhjelparen vann 3000 og Birdie vann 1000 kroner.

Vinnarar: Ole Didrik Fosse Didriksen, Henning Jansen, Simone Berger Godtfredsen, Sondre Tørre Steinde.

Gode tilbakemeldingar

I år er det til saman 16 elevar i vg2 og vg3 som har faget entreprenørskap og bedriftsutvikling, på Kvitsund. Lokalhjelpern UB skal kople eldre som treng hjelp med studentar som kan hjelpe. Birdie UB skal lage frisbeegolf-discar av resirkulert plast.

Dei to andre bedriftene Iterum UB og Holderen UB fekk også gode tilbakemeldingar frå mentorpanelet.

– Det er motiverande for meg som lærar at alle fire elevbedriftene fekk veldig gode tilbakemelding frå næringslivet i Grenland. Ekstra moro var at det med pallplassane, seier Sigrun Lønning Solvang, lærar i entreprenørskap på Kvitsund.

Ho fortel at elevane har brukt god tid i førebuinga fram mot Gründer-idol.

– Eg har lagt vekt på at elevane må ha tru på sin eigen forretningside, og at dei må øve på å få fram bodskapen sin.

– I tillegg er det viktig at dei jobbar med å gjere kvarandre gode, og derfor har eg oppfordra til å ha det kjekt på «jobb», avsluttar Solvang.

VTB gjer merksam på at journalisten som har skrive saka er blant elevane som har faget entreprenørskap og bedriftsutvikling, på Kvitsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kast riktig plast, er mottoet til elevbedrifta Birdie UB, som håpar på å produsere discar av resirkulert materiale. Her mottar dei premien. Bedrifta består av Magni Eikeland, Knut Hallvard Rysstad Skinnarland, Andreas Sundvoll og Håvard Sletner.