Tid for fletter: Kristin Dagalid (f.v.) frå Rauland ordnar håret til Marie Østerhus Teigen frå Dalen, Kristina Sandstå frå Lunde ordnar håret til Sigrid Gotland frå Dalen og Sunniva Bredesen frå Seljord ordnar håret til Sofie Otilie Ofte frå Høydalsmo.

Over tusen personar deltok på yrkesmessa

Torsdag var det tid for den årlege yrkesmessa på Vest-Telemark vidaregåande. Over tusen personar besøkte messa og 70 utstillarar var på plass.

Kristin Dagalid frå Rauland, Kristina Sandstå frå Lunde og Sunniva Bredesen frå Seljord er alle tre elevar på vg2 på frisørlinja i Lunde. Torsdag tek dei imot kundar på yrkesmessa på Vest-Telemark vidaregåande på Dalen.

Marie Østerhus Teigen frå Dalen, Sigrid Gotland frå Dalen og Sofie Otilie Ofte frå Høydalsmo går alle saman i 9. klasse, og får fine fletter i håret. Jentene har ikkje rukke å sjå så mykje på messa endå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt mykje folk her og litt vanskeleg å finne fram. Men det er artig å gå rundt, fortel Sofie.

– Vurderer dykk frisøryrket?

– Det er absolutt noko eg vurderer, seier Sofie.

– Men eg aner ikkje heilt kva eg skal, og har eit opent sinn, smiler ho.

Sigrid har heller ikkje rukke å snakka med så mange endå.

– Eg synest forsvaret og politiet høyrest moro ut, fortel ho.

Lang tradisjon

Rektor på Vest-Telemark vidaregåande, Siv Reidun Eide, fortel at yrkesmessa er ein over førti år lang tradisjon på skulen. Alle 9. og 10. klasser i Vest-Telemark er inviterte, i tillegg er skulens eigne elevar sjølvsagt på messa.

Lang tradisjon: I over førti år har det vore yrkesmesse på Vest-Telemark vgs. på Dalen. Rektor Siv Reidun Eide tek imot fylkesdirektør for nye Telemark fylkeskommune Ketil Reed Aasgaard.

Margit Magnesdotter Kostveit frå Åmot og Aurora Haugen frå Flatdal er begge inne i sitt andre år på skulen, og går på helsefagarbeidar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal fyrst ta påbygg, og så kanskje ha læretida etterpå, fortel Aurora.

I finstasen: Fleire av elevane hadde funne fram bunaden på yrkesmessa. Både Margit Magnesdotter Kostveit (t.v.) frå Åmot og Aurora Haugen frå Flatdal går nå sitt andre år på Vest-Telemark vidaregåande.

Margit har same plan. Med påbygg får dei generell studiekompetanse og mange moglegheiter.

– Eg vurderer paramedisin, seier Aurora som pendlar frå Flatdal.

Dei er begge veldig fornøgd med valet av vidaregåande skule.

– Me er veldig fornøgde, og ville ikkje valt annleis, seier dei to.

Frida Veum frå Fyresdal og Ida Kleve frå Lårdal byrja på Vest-Telemark vidaregåande i haust. Dei går begge på studiespesialisering.

Klassevenninner: Frida Veum (t.v.) frå Fyresdal og Ida Kleve frå Lårdal går begge på studiespesialisering på Vest-Telemark vgs.

– Dette var den næraste skulen, fortel Frida.

– Og me har fleire moglegheiter med studiespesialisering, seier Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er de fornøgd med skulen så langt?

– Absolutt, svarar jentene.

At dei skal ta høgare utdanning er dei sikre på, men dei veit endå ikkje heilt kva.

– Me skal på foredraget med Porsche og USN (Universitetet Sørøst-Noreg) etterpå, fortel dei.

Opna med musikk: Elevar frå musikk, dans og drama ved Skein vgs. opna messa med musikk.

På jakt etter lokale krefter

Det var elevar frå musikk, dans og drama-linja ved Skien vidaregåande som stod for det musikalske innslaget på yrkesmessa.

Knut Magne Momrak er yrkesmessegeneral og tipsa skuleelevane om at utstillarane er der for dei, og at dei må mase og stille spørsmål.

– Ver nysgjerrige og spør!

– Me veit at folk har funne sitt yrke her på yrkesmessa, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange aktørar frå det lokale næringslivet har stand på messa. Jens Kristian Eide frå Haukeli representerer Vest-Telemark kraftlag.

Lærling: Jens Kristian Eide frå Haukeli gjekk på Vest-Telemark vgs. Nå er han lærling.

– Eg er lærling som energimontør i Telemark Nett, fortel Eide.

Han kjem frå Haukeli, og gjekk på vidaregåande på Dalen. Det fyrste året pendla han, det andre budde han på hybel. Han synest det var ein grei skule å gå på.

– Nå er eg i mitt 3. halvår som lærling, og læretida er på 2,5 år. Det er ganske artig. Eg likar arbeidet og det er mykje fysisk arbeid, fortel han.

– Du er ikkje mykje inne på kontor?

– Nei, heldigvis ikkje! Me er ute kvar dag.

Brunvoll Mar-El er ei hjørnesteinsbedrift på Dalen, og er til stades på yrkesmessa.

– Korleis forklarar dykk kva de driv med?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Styring av båt, svarar servicekoordinator Elida Larsen.

– Ja, eller fjernstyring av båt, legg produksjonsleiar Tore Hana til.

Treng folk: Elida Larsen, Tore Hana og Knut Erik Rudshagen frå Brunvoll Mar-El vil gjerne rekruttere folk til verksemda på Dalen.

Larsen kjem frå Lillestrøm-området og starta i Brunvoll Mar-El som lærling for om lag to år sidan. For eitt år sidan tok ho fagbrev.

Hana fortel at dei rekrutterer få frå nærområdet.

– Me slit veldig med å få lokale folk, seier han.

Verksemda treng folk med både fagbrev og høgare utdanning. Elevar som har gått på elektro, og deretter vidare på automasjon er attraktivt for verksemda. Men den linja har dei ikkje på Vest-Telemar vgs.

– Me jobbar for å få ei linje med automasjon her på Dalen, seier Hana.

– Me treng folk. Det er nok den største utfordringa med å ligge på Dalen. Derfor har me også etablert eit kontor i Porsgrunn, der me jobbar med utvikling og sal. Men så er det jo også nokon som har flytta hit på grunn av oss, og som har blitt her, legg han til.