Norske fjellbønder får no moglegheit til å dele kunnskap med kvarandre gjennom Nasjonalt senter for fjellandbruk AS. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK

Nytt senter skal bidra til kunnskapsdeling mellom fjellbønder

Nasjonalt senter for fjellandbruk AS blei stifta 12. mai. Senteret skal bidra til å utvikle eit lønsamt og berekraftig landbruk i norske fjellområde.

– Vi skal vere eit nettverk for kunnskapsdeling mellom norske fjellbønder, seier nyvald styreleiar Torfinn Opheim for senteret til Nynorsk pressekontor.

Hovudmålet er å fremje og styrkje livskraftig fjellandbruk i Noreg. Nettverket skal bidra til eit lønnsamt og berekraftig landbruk i fjellområda med utgangspunkt i særtrekka og fortrinna fjellbygdene har. Behova til fjellbonden skal vere i sentrum, heiter det i ei pressemelding frå senteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Fjellnettverket, Noregs Vel og Øystre Slidre kommune som står bak etableringa. Løken gard i Øystre-Slidre skal huse senteret.

Rapport

I samband med stiftinga har og ei gruppe unge bønder levert ein rapport kor dei peikar på kva norsk fjellandbruk er og korleis det kan utviklast vidare framover.

– Rapporten er veldig viktig for arbeidet vårt vidare. Det er trass alt dei unge bøndene som skal drive fjellandbruk i framtida, seier Opheim.

I rapporten skriv dei unge bøndene mellom anna at:

«Optimisme og framtidstru for fjellbonden er viktig. Å byggja arbeidet til senteret slik at det skaper ein sterk generell legitimitet i landet for at fjellbonden gjer ein viktig arbeid for fellesskapet, basert på dei ressursar garden har til å produsera mat og landskap i tillegg til å vera ein viktig beredskapsarbeidar i vid tyding, blir viktig.»

Opheim er klar på at det som kjem fram i rapporten kjem til å ha stor innverknad på måten senteret skal jobbe.

– Den dannar eit godt grunnlag. Dei har lagt ned mykje jobb, seier, han

Hektisk

Styreleiaren forventar at tida framover kjem til å bli hektisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er framleis mykje som må avklarast, seier han og legg til:

– Denne veka skal vi ha vårt første styremøte og då blir det klarare korleis styreverksemda kjem til å fungere framover. Vi i styret er busette på ulike stadar i landet, så det er naturleg at det blir ein kombinasjon av fysiske og digitale møte.

Den offisielle opninga finn stad 13. juni.

(©NPK)