Vrådal skisenter: Geir Ødegaard Olsen og Solveig Nekstad Grave førebur vintersesongen i Vrådal. Dei trur det er viktig å kunne tilby ei pakke av ulike aktivitetar.

Nye aktivitetar og spesialpris for lokal ungdom: – Me vil bidra til folkehelse

Med eit breiare aktivitetstilbod og ungdomsrabatt håpar Geir Ødegaard Olsen og Solveig Nekstad Grave at fleire kjem seg ut.

– Mi erfaring er at folk vil ha hjelp til å kome i aktivitet. Å ha ein meny med ulike aktivitetar er viktig, seier Geir Ødegaard Olsen.

I fjor tok han over som dagleg leiar av Vrådal skisenter. Saman med Solveig Nekstad Grave, som også arbeider på skisenteret, presenterer han planane for vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Badstove med panoramautsikt

Nytt av året er ei badstove på toppen av bakken. Den blei sett opp i sommar, og har alt blitt populær. På bookingsida til Vrådal panorama kan ein booke seg inn sjølv.

Badstova ligg der skiløypene startar og er vedfyrt. Ein må fyre sjølv.

– Men den blir veldig fort varm, fortel Nekstad Grave.

Kjelkebakke

Nytt av året er også kjelkeutleige. Kjelkane har dei kjøpt frå Austerrike.

– Nå er dei på Juvassbreen for testing, fortel Ødegaard Olsen.

Det er ikkje lov å ha ski og kjelkekøyring i bakken samstundes. Det vil derfor bli kjelkekøyring på andre tidspunkt, fortel Ødegaard Olsen.

Han har også lyst til å lage skøyteis på tjørna ved sidan av skisenteret.

– Men det er litt avhengig av temperaturen, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skøyteis: Om det skulle bli ein kald vinter vurderer dei å lage skøyteis på denne tjørna som ligg rett ved skibakken.

Oppgraderer terrengparken

Det har vore terrengpark i skibakken i Vrådal før også, men i år blir den noko oppgradert.

Gamle element blir nå pussa opp og sett opp igjen. I tillegg har dei også kjøpte nokre nye element til ein ny terrengpark. Har blir det både raud, blå og grøn løype i ulike vanskegrader.

Ødegaard Olsen trur snøbrett er meir tilbake, og fortel at dei i år har gode ski- og snøbrettinstruktørar. Skientusiasten meiner det er viktig med grunnleggjande basiskunnskap når ein skal stå på brett og er glad for å kunne tilby opplæring til besøkande i bakken. Instruktørane kjem i år frå Tsjekkia, og er allereie på plass i Vrådal.

Spesialprisar til ungdom

Også i år ynskjer skisenteret å gje spesialprisar til lokal ungdom.

– Me vil bidra til folkehelse, seier Nekstad Grave.

Tilbodet går til ungdom frå Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal og Tokke.

Kviteseid frivilligsentral sette i fjor opp buss for å skysse lokal ungdom til skibakken.

– Dette var populært, seier Nekstad Grave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner det er viktig med tiltak som få ungdommen meir ut.

Regine Heimdal på Kviteseid frivilligsentral fortel at ho jobbar med å sette opp buss i år også, og minner om at dei har både slalåmski, snøbrett og hjelmar til utlån på sentralen.

Helgejobb for ungdom

Ødegaard Olsen og Nekstad Grave fortel at fleire av ungdommane som har runne mykje i bakken har helgejobb på skisenteret.

– Det er bra å ha ungdom bak disken som kan produktet, seier dei.

Det er både lokal ungdom og ungdom som har hytte i Vrådal som jobbar på skisenteret i sesongen.

Vrådal skisenter: Snøen har lagt seg i bakken i Vrådal. I tillegg til slalåmbakke er det fleire kilometer med langrennsløyper.