Dugnadsdamene: Firkløveret Irene Andersen Midtbøen (f.v.), Jorunn Simonsen, Torunn Aabø Lien og Marit Ellefsen Høgstli likar å skape ein møteplass i førjolstida. I år er jolemarknaden tilbake på Sundvang.

Nå er jolemarknaden tilbake der det starta for ti år sidan

Jorunn Simonsen meinte det mangla ein jolemarknad i Kviteseid, og skipa til ein sjølv. I år markerer jolemarknaden på Sundvang ti år.

– Eg kjente ein del som strikka og hekla mykje, og dei gav alt bort, fortel Jorunn Simonsen.

Ho tenkte på alt det fine handarbeidet som ikkje vart selt nokon stad, i tillegg syntest ho også det mangla ein jolemarknad i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var liksom alle andre stadar, men ikkje her, seier ho.

Men ho måtte jobbe litt med å få utstillarar det fyrste året. Mange syntest det var rart at dei skulle ta betalt for det dei lagde. Men jolemarknad på Sundvang vart det, og sidan har marknaden både vore på flyttefot og vekse.

Kåseri og luftgevær

Dei fyrste åra var det berre lokale utstillarar, og tre av dei som stilte ut og selde produkt dei laga sjølv var Irene Andersen Midtbøen, Torunn Aabø Lien og Marit Ellefsen Høgstli.

Jorunn spurte om dei ville vere med å arrangere jolemarknad, og sidan har dei vore fire. Under koronapandemien vart marknaden flytta utandørs til Mylletorget i sentrum, og dei samarbeidde med næringslaget.

Men etter tre år ute, flyttar dei nå tilbake til Sundvang, og den tiande jolemarknaden blir både inne- og utandørs.

– Mange syntest det var koseleg at me var ute. Men det er også mange utstillarar som ikkje kan stå ute av omsyn til både produkta og helsa, fortel Irene.

Dei fortel at det ikkje er så lett å få tak i utstillarar, men så langt har dei 27 på lista.

– Det er rekord, og kanskje kjem det fleire også. Eg sende akkurat melding til ei, fortel Jorunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til sal av bakst, handarbeid, pynt, grønt, hudpleie, kunst – mellom anna. Det er både lag og organisasjonar og privatpersonar som bidrar. Arrangørane håpar å treffe mange, både store og små, med kåseri og musikk inne, og skyting med luftgevær med Kviteseid Jeger- og fiskeforeining ute.

Dei har ikkje tal på kor mange som brukar å kome på jolemarknaden, men mange kjem kvart år, og har det som ein førjolstradisjon.

– Det har vore trengsel her inne, men det var nok mindre folk når me var ute. Då var me også uheldige med vêret, og folk vart våte og ville heim til peisen, seier Jorunn.

Tilbake: Etter tre år på Mylletorget i byen, er jolemarknaden i Kviteseid tilbake på Sundvang. Jorunn Simonsen (f.v.), Marit Ellefsen Høgstli, Torunn Aabø Lien og Irene Andersen Midtbøen.

Dei har ikkje noko økonomisk mål med marknaden, anna enn å gå i balanse.

– Kvifor er de med på dette?

– Det er moro, seier Torunn.

– Me vil gjerne få til noko her i bygda, fortel Irene.

– Me veit ikkje kvar dette ender, det kan bli så stort at det går langt oppi Brunkebergbakkane, smiler Marit.