Gründer: Sidonie Hansen er eigentleg utdanna kokk og har tre år som kokk i Frankrike bak seg. I mange år har ho jobba som seljar. Nå er planen å opne ny butikk på Dalen.

I sommar flytta Sidonie til Åmdals Verk. Nå er planen å opne butikk på Dalen. – Endeleg har eg landa

Sidonie er født på Madagaskar og budde der fram til ho var sju år. Ho jobbar som seljar og planen er nå å opne ny butikk på Dalen før påske. Og varene importerer ho frå Madagaskar.

– Eg bur her på grunn av naboen min. Ho flytta hit for tre år sidan, og eg mobba ho. «Eg finn deg ikkje på kartet», lo eg.

Det fortel Sidonie Francesca Hansen. Og ler godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein dag tek ho likevel med seg ungane og besøker venninna som hadde flytta til Åmdals Verk.

– Eg fann ei slik ro. Du kan berre legge deg og restarte neste dag.

I tillegg fann ho kjærleiken på grunn av besøket. I juni flytta Sidonie hit med dei to yngste ungane, og vart nabo med venninna ho «ikkje kunne finne på kartet.»

– Det kjennest som me har budd her i mange år. Me trivst veldig godt. Eg er ferdig med byen! I ein alder av 48 år har eg endeleg landa ein stad, og vil også vere med på å utvikle næringslivet her. I tillegg har me blitt fantastisk godt tatt imot her. Eg forstår jo nå kvifor Tokke kommune er kåra til den beste kommunen for barn å bu og vekse opp i.

Ho driv alt selskapet «House of Madagascar» som spesialiserer seg på sal av produkt frå Madagaskar.

– Eg er framleis i startfasen, men brukar nå all erfaring til å bygge opp verksemda.

Ho har arbeidd som seljar i mange år og har alt ein kundebase, men nå er planen å også etablere ein butikk på Dalen.

– Planen har aldri vore å starte ein butikk, men etter at fleire lokale oppmoda til dette blei eg meir motivert etter å ha undersøkt litt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt borte på tretti minutt

Sidonie er født på Madagaskar og budde der til ho var sju år. Då møtte mor hennar ein norsk sjømann, og dei flytta til Noreg. Men dei reiste mykje tilbake på ferie i barndommen, og då ho sjølv var i 30-åra flytta ho tilbake.

Det gjekk ti år før ho flytta tilbake til Noreg. Familien eig ein plantasje på Madagaskar og foreldra som nå er pensjonistar er mykje der. Sidonie fortel om livet på plantasjen, om familiane som bur og jobbar der, barnerike familiar og om den fruktbare jorda. Livet på plantasjen er godt.

– Det er fantastisk! Back to nature.

Dei dyrkar kanel, nellik og kaffi, men også bananar og vanilje som dei sel lokalt.

Den nye heimstaden minner Sidonie litt om livet på plantasjen. Fjell. Vatn. Og ro.

Ideen om å importere produkt frå Madagaskar for å selje dei i Noreg, kom på ganske tilfeldig vis for tretti år sidan.

– Eg kom heim frå ferie på Madagaskar og hadde med meg vesker og korger, og det var så mange som spurte meg om dei – kvar hadde eg kjøpt dei? Det same skjedde neste gong eg kom heim frå ferie. Tredje gongen let eg kofferten vere att og tok berre med meg ting for å selje heim att.

Ho stilte seg opp med varene på Youngstorget i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På tretti minutt var alt borte. Då fekk eg smaken på seljarlivet.

I farta: Det er fredag og Sidonie er på veg innover til hovudstaden for å stille ut på jolemarknaden på Folkemuseet.

Det beste frå Madagaskar

I porteføljen er ulike interiørprodukt – teppe og vesker, og mat og kaffi. Sidonie fortel at mange likar alle fargane, det blir ein kontrast til det nordiske.

Ho har alt testa ut den lokale marknaden gjennom REKO-ringen. Kaffien var populær og Sidonie likar å møte kundar, då blir ho kjent med nye folk.

– Og når eg ser folk smakar på produkta. Når dei smakar på mango- og pasjonssyltetøyet for eksempel, og augo berre rullar!

Ho ler. Ho kallar det gourmetsyltetøy. I tillegg sel ho sjokolade, te og moringa. Mellom anna.

– Eg gjekk tom for kaffi! Det er så moro at folk likar den, og eg møter også nye folk. Dei byrjar å fortelje om kva slags relasjon dei har til Madagaskar.

Erfaringane frå REKO-ringen gjorde ho endå meir motivert for å halde fram den lokale satsinga. Den populære kaffien kjem sjølvsagt også frå Madagaskar.

– Eg tek kaffien inn fersk, grøn og tørka, så det er eg som står for all pakkinga, veging og gjev dei etikkar, fortel Sidonie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho samarbeider med Den Gyldne Bønne i Bærum, som brenn kaffien. På sikt er målet å brenne sjølv på Dalen.

– Då blir det verkeleg eit lokalt produkt, smiler Sidonie.

Tidlegare i haust søkte ho også om støtte frå Tokke kommune til forprosjektet til «House of Madagascar», og fekk då 17 500 kroner.

– Dette kjem godt med når eg søker gode råd og rettleiing gjennom Næringshagen i Kviteseid. For nokon flotte og flinke folk med brei kompetanse.

Å etablere ny butikk krev mykje arbeid. Eigentleg meir enn for ein person. Og målet til Sidonie er etter kvart å bli fleire tilsette. Med ein open butikk vil ho ha ein fast utsalsstad, i tillegg til nettbutikk.

– Målet er jo å fremme det beste frå Madagaskar.

Nytt liv: I dette bygget på Dalen vil Sidonie Hansen etablere butikken «House of Madagascar».