Dugnadsgjengen: Kring 25 personar har arbeidd nær tusen timar dugnad i løpet av sommaren. Nokre av dei er Liv Ambjørndalen (f.v.), Håkon Moestue, Robert Robertsen, Signe Ambjørndalen, Synnøve Bratland, Gerd Strand og Otto Djuve.

I år var turisthytta stengt, men neste år opnar den igjen i ny drakt. – Påsketuristane blir dei fyrste som får sjå

På grunn av omfattande renovering har Mogen turisthytte vore stengt i år. Nær tusen dugnadstimar etter er turisthytta klar for neste sesong.

– Utvendig vil du sjå mykje nytt, fortel anleggsansvarleg i DNT Telemark, Sandra Holten Larsen, i ei pressemelding.

Ho fortel at Mogen turisthytte nå har fått ny isolering, nytt tak, ny kledning og fleire ny vindauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde behov for eit nytt reinseanlegg, så me har grave ned infiltrasjonsbasseng i tillegg til septiktankar, seier ho.

Mogen turisthytte har ikkje tatt imot besøk av turgåarar på Hardangervidda i år, men dagleg leiar på turisthytta, Kyle O'Donoghue meiner likevel det har vore eit spennande år.

– Det har vore behov for desse oppgraderingane, som me har visst om i lang tid, seier han.

Sjå video i saka: Dronevideo og foto av Geir Strømstad.

Takkar kommune, frivillige og sponsorar

Vinje kommune har gjeve støtte til reinseanlegget, og O'Donoghue rosar kommunen.

– Me har også opplevd fantastisk samarbeid med lokale handverkarar og entreprenørar, og ikkje minst vår fantastiske dugnadsgjeng, seier han.

Bidrag har dei også fått frå Sparebankstiftinga DNB, Isola og XL Bygg Gisholt og Finne, og rundt 25 personar har arbeidd nesten tusen timar dugnad i løpet av sommaren.

– Det er alfa og omega for prosjektet. Utan bra samarbeid med frivillige, sponsorane og samarbeidspartnarar, hadde det ikkje vore mogleg for DNT Telemark å gjennomføre eit prosjekt av denne storleiken, meiner O'Donoghue.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir påsketuristane som kjem neste år som blir dei fyrste som får sjå Mogen i ny drakt.