Vert: Påtroppande senterleiar Tarjei Helle håpar så mange som råd kjem når AiR markerer 25 000 deltakarar med gratis open dag.

Feirar 25 000 deltakarar med ei solid dose fagleg påfyll

AiR markerer 25 000 deltakarar med ein open dag, med gratis suppe og faglege smakebitar.

– Me veit at mange er nyfikne på denne organisasjonen som er ein av Vest-Telemarks største private arbeidsgjeverar, men dei fleste har ikkje fått anledning til å kome innom dørene og fått eit innblikk i kva me eigentlig driv med, seier Tarjei Helle, seniorrådgjevar og påtroppande dagleg leiar ved AiR.

19. januar går den opne dagen føre seg, der «naboar, lokalbefolkning og samarbeidsaktørar kan kome innom». Arrangementet, som er gratis, legg opp til fagleg påfyll for dei besøkjande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil ha ein del aktivitetar og faglege arrangement som me håpar vil vere nyttige for dei som jobbar med arbeid og helse, seier Helle, som også kan lokke med suppeservering til dei frammøtte.

Dei ynskjer også å bruke dagen til å leggje til rette for nettverksbyggjing.

– Det skal vera mogleg å knyte kontaktar på tvers av sektorar og bli betre kjent med andre som arbeider med same målgruppe, heiter det i arrangementsomtala.

Programmet for dagen finn du her.