Anleggsteknikk: Elevane ved Nome vgs. har rusta opp vegen til Fjågesund brygge.

Dei lokale hadde etterlyst vedlikehald i mange år. Nå har skuleelevane fiksa vegen

Innbyggjarane i Fjågesund har i fleire år jobba for å utbetre vegen ned til brygga. Nå har elevane på anleggsteknikk gjort jobben.

– Dette er me veldig glade for. De har gjort ein fantastisk jobb, sa ordførar Bjørn Nordskog til elevane ved anleggsteknikk på Nome vidaregåande skule.

Han var med på å markere at vegen ned til Fjågesund brygge nå er ferdig utbetra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk t-skjorter: Som takk for innsatsen fekk alle elevane ei t-skjorte. Her er Brage Opland Johannesen.

Kommunen har dekka kostnadane

Innbyggjarane i Fjågesund hadde i fleire år jobba for å få kommunen til å stelle opp den kommunale vegen. Så kom Trond Fjågesund som bur i Fjågesund og jobbar på Nome vidaregåande skule, på at ein kanskje kunne ha dette som eit prosjekt for elevane på anleggsteknikk.

– Dei har hatt fleire jobbar i Nome kommune, så eg tenkte kanskje at me kunne nytte oss av dei her også, sa Fjågesund.

Fekk takk: Trond Fjågesund takka elevane for innsatsen med å ruste opp vegen.

Skulen var positiv til det.

Elevane starta med planlegginga i fjor haust, og har utført alt arbeidet med å ruste opp vegen. Dei har også funne og montert dei gamle stabbesteinane.

– Så me treng ikkje autovern her, sa Fjågesund.

Kviteseid kommune har stått for kostnadene med stikkrenner, grus, drivstoff og flytting av maskiner.

Hassvikvegen: Elevane har rusta opp om lag 500 meter av vegen til Fjågesund brygge. Dei har også sett opp dei gamle stabbesteinane.

Ville sette pris på elevane

– Det me har fått set me veldig pris på, og derfor vil me gje noko tilbake til dykk som har gjort dette mogleg, sa Fjågesund til elevane på anleggsteknikk.

Grendehuslaget hadde trykt opp t-skjorter til alle elevane som hadde bidratt, og inviterte alle elevane på burgar og is på bryggekanten. Det var også avduking av ein bauta der det sto ein takk til elevane ved Nome vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avduking: Ordførar Bjørn Nordskog avduka denne steinen med takkeplate på.

Elevane, som denne veka avsluttar sine to år på anleggsteknikk, la vekt på at det var fint å kunne gjere ein ordentleg jobb, som ein ser resultat av.

Klare for å ut i lære: Even Askedalen (t.v.), Brage Opland Johannessen og Emilie Sollid er ferdige med to år på Nome vidaregåande skule.

Ei av dei som har vore med på arbeidet er Emilie Sollid frå Øyfjell. Gruppa hennar har vore i Fjågesund ei veke.

– Me har grave med gravemaskin, fiksa grøfta og køyrt vekk noko masse, fortalde ho.

Brage Opland Johannesen frå Treungen har også vore med på å utbetre vegen.

– Gruppa mi har vore her i to veker. Det har vore greitt det, sa han.

Alt neste veke er dei klare for å ut i lære. Emilie skal starte opp hos Isaksen i Drammen. Brage skal til Knut Haugsjå i Nissedal.

Fjågesund brygge: Grendehuslaget spanderte burgarar og is på elevane nede ved Fjågesund brygge.

Stor dugnadsinnsats for lokalmiljøet

Ordføraren nytta høvet til å trekke fram den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned i den vesle grenda.

– Sjå til Fjågesund! Det er eit veldig engasjement her, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dugnadsgjeng: Hedvig Kaspersen (f.v.), Aud Turid Fjågesund, Sverre Øigarden og Trond Fjågesund ville sette pris på ungdommane som hadde stelt opp vegen.

Grendehuslaget fortalde at dei har tilsyn med dei to bryggene, Fjågesund og Bergsto, der kanalbåtane legg til. I samarbeid med det lokale idrettslaget har dei også gjort mykje dugnadsarbeid på Kåsastranda, som ligg ved Bergsto brygge. Der har dei lagt på ny sand og sett opp ein gapahuk. Dei har også, med støtte frå stiftingar, kjøpt inn kano og sup-brett, som folk kan låne gratis. Og dei har fleire planar for vidare utvikling i grenda.

Bergsto: Grendehuslaget sørger for at det er fint ved bryggene der kanalbåtane legg til om sommaren.

– Det er nok mange som ikkje trur at det skjer så mykje her, men det gjer det, fortalde fleire frå dugnadsgjengen i Fjågesund.

Brygger: Grendehuslaget har ansvar for tilsynet med bryggene i Fjågesund.