På scena: Frå venstre: Sveinung Sauar (nestleiar styret Sparebanken Din), Erik Holtan, (leiar spons og berekraft Sparebanken Din), Kjersti Haland (Telemark Næringshage), Olav Prestårhus (Joker Flatdal), Mie Dahlmann Jensen (Hyllest), Tone Patricia Byggland, Thomas og Hellene Berstad (Bjaaland bygderestaurant).

Berekraftsprisen: To av dei tre på topp er frå Vest-Telemark

Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal mottok torsdag berekraftsprisen på Midtvest-konferansen i Bø.

Joker Flatdal og Hyllest var dei to andre som inntok «pallen» då Telemark Næringshage, Midt-Telemark og Nome Utvikling og Sparebanken Din torsdag delte ut berekraftsprisen for å løfte fram berekraftige initiativ hos lokale små og mellomstore bedrifter. Det var totalt 11 nominerte bedrifter.

– Berekraftig handlekraft startar ein stad. Kva som rører seg hos våre lokale bedrifter vil vere av verdi for vår felles framtid. Sparebanken Din har tatt initiativet til å opprette ein berekraftspris som skal løfte fram bedriftsengasjement til nytte og inspirasjon for oss alle, melde Sparebanken Din i ei pressemelding i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å kunne få prisen måtte bedrifta vere etablert i Vest- eller Midt-Telemark, ha gjennomført eitt eller fleire tiltak for berekraftig utvikling og ha berekraft nedfelt i strategi, handlingsplan og måla sine. Prisen er på 30 000 kroner og ti bedriftsrådgivingstimar.