Bærekraftsprisen: Guro Mæland frå Sparebanken Din (t.v.) og Kjersti Haland frå Telemark næringshage håpar verksemdene vil melde interesse for «Bærekraftsprisen».

Vil dele ut pris til lokale bedrifter

Telemark Næringshage, Midt-Telemark og Nome Utvikling og Sparebanken DIN har saman etablert ein berekraftspris.

Med «Bærekraftsprisen» ønsker dei å løfte fram berekraftige initiativ hos lokale små og mellomstore bedrifter.

– Berekraftig handlekraft startar ein stad. Kva som rører seg hos våre lokale bedrifter vil vere av verdi for vår felles framtid. Sparebanken Din har tatt initiativet til å opprette ein berekraftspris som skal løfte fram bedriftsengasjement til nytte og inspirasjon for oss alle, seier Sparebanken Din i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å kunne få prisen må bedrifta vere etablert i Vest- eller Midt-Telemark, ha gjennomført eitt eller fleire tiltak for berekraftig utvikling og ha berekraft nedfelt i strategi, handlingsplan og måla sine. Prisen er på 30 000 kroner og ti bedriftsrådgivingstimar.