Ber om hjelp: Framtida ser ikkje ljos ut for Kafe Hvidesøe i Kviteseid som no ber om hjelp.

Ber om hjelp for at kafeen skal kome gjennom krisa

Framtida for Kafe Hvidesøe i Kviteseid er usikker. No er det etablert ei innsamling for at kafeen skal overleve Korona-krisa.

– Me er usikre på kor mykje me treng sidan situasjonen er så uoversiktleg, men me lover at uansett så kjem pengane godt med, og me skal gjera alt me kan for å halde fram drifta, skriv Elisabeth og Agnes Haugo i meldinga som er lagt ut på bidra.no og som er delt på Facebook-sida til bedrifta.

Der kjem det fram at framtida ikkje ser ljos ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt akkurat nok til å få det til å gå rundt frå månad til månad, og har rett og slett ikkje sjanse til å oppretthalde tilbodet med ein kraftig svikt i omsetninga. Me ønsker verkeleg å kunne halde fram med å servere dykk sunn og god mat, som er berekraftig for både planeten vår og kroppen vår, skriv dei.

– Vil du sjå Kafe Hvidesøe open på andre sida av korona, kan du gjera det ved å bestille mat, kome og kjøpe kaffi, kjøpe gåvekort, eller/og viss du vil donere pengar gjennom bidra.no set me enormt stor pris på det, er meldinga frå drivarane som varslar å opne att denne veka.

– Me er veldig usikre på korleis det vil fungere med open kafe her, då lokalet vårt er så lite. Derfor må me ta det frå veke til veke.

Måndag ettermiddag hadde det alt kome inn 20 000 kroner i bidrag.