LESARINNLEGG

Teknisk feil i Seljord kommune

I eit lesarbrev i VTB i august 2023 skreiv eg om Brøløs vel sin kamp gjennom fem år for at kommunen skal etterleve Folkehelselova når det gjeld støy i Seljord sentrum. Etter fem klagebrev i 2022 og etter at Sivilombudet (for femte gong) ga klar beskjed, svarte kommunen. Men kommunen svarte ikkje på det viktigaste spørsmålet: Kva er dei folkehelsefaglege vurderingane som ligg til grunn for kommunens politikk?

Då me etterlyste svar i oktober 2022 svarte kommuneoverlegen at dei «jobbar aktivt med saka». Men det gjekk vinter og vår, og halve hausten utan at kommunen svarte. Ny purring, men ikkje eit kvekk frå kommunen. Etter om lag 220 dagar hadde kommunen ennå ikkje svart, trass i at dei «jobbar aktivt med saka».

I september 2023 ringte Sivilombudet kommunen (for sjette gong) og fekk til svar at «...det aktuelle svaret ikkje blei sendt på grunn av ein teknisk feil». Etter nokre dagar kom svaret som var lova i oktober 2022. Kommuneoverlegen skreiv at vår purring i juli 2023 utløyste gjennomgang av arkivsystemet, og at feil e-postadresse blei avslørt. Javel, men det tok likevel halvannan månad og purring frå Sivilombudet, før svaret blei sendt. Det var altså e-postadressa som blei skrive feil. Dette er ein menneskeleg feil, og slett ikkje ein teknisk feil. Me ba om å få sjå den e-postadressa som blei brukt, men svaret var nei.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS