Meiningar
Spreiing av rykte
Lesarinnlegget til Marie Hvistendahl bidreg dessverre til etablering og spreiing av usanne rykte. Intensjonen bak innlegget har nok vore god, men på eit punkt ender ho opp med å stigmatisere ei gruppe som ikkje ser korleis dei no kan forsvare seg mot usanne rykte. I lesarinnlegget sitt skriv Marie at «På Molandsmoen avtalar ungdomsskulejenter «date» på sosiale medier med utanlandske trailersjåførar.»
Vi er ikkje kjend med at nokon av jentene har vore på «date» med utanlandske trailersjåførar, og fleire av jentene synes det er ugreitt at folk i bygda kan tru dette om dei. Om det faktisk var tilfelle at vaksne menn var på date med jenter på 12-15 år, bør ein kvar vaksen som får kjennskap til slikt varsle foreldra og melde mannen til politiet. Ein bør uansett ikkje spreie rykter på facebook og i VTB.
Kor mange vaksne har lese lesarinnlegget og lurar no på kven av desse 12-15 åringane som går på date med trailersjåførar? Sannsynlegvis for mange, «det stod i avisa, og då må det vere sant». Håpar dei same vaksne er einige i at spreiing av usanne rykte ikkje er greitt.
Det er positivt med meiningsutvekslingar og diskusjonar rundt kva ein ynskjer for bygda vår. Samstundes er det viktig at ytringar held seg til sanninga og ikkje fører til spreiing av usanne rykte. Vi håpar innlegg i framtida tek omsyn til kva gruppe som omtalast og vurderer kva konsekvensen kan bli for denne gruppa og einskildindivida.
Vest-Telemark blad bør og gå i seg sjølve. Spreiing av usanne rykte i eit lesarinnlegg i ei avis er brot på presseetiske reglar. Redaktøren er ansvarleg for det som kjem på trykk i avisa, og i form av lesarinnlegg. Sjølv om ytringsfridommen står sterkt, gjer han ikkje rett til å sjikanere eller spreie grove usanningar i offentlegheita. Det skal og takast ekstra omsyn ved omtale av born, og slik som i dette tilfelle ei lita gruppe av born. Redaktøren i VTB må ta nokre rundar med seg sjølv og redaksjonen som valde å trykke dette lesarinnlegget.
Eksempelet si makt kan vere stor: Uavhengig av om det er sant eller ikkje, så trur vi ikkje ei avis hadde publisert eit lesarinnlegg der det stod. «I Kviteseid avtalar tilsette i VTB «date» på sosiale medier med utanlandske massørar.»
Helsing ei gruppe foreldre til jenter i 10. klasse ved Gimle skule:
Talleiv Metveit, Camilla Selås, Gunnar Rui, Lena Krossli Nystad, Ragnhild Bjorheim, Elisabeth Gasmann, Merete Kleven, Susanne Metveit, Cathrine Austjore og Veronica Mykland