Meiningar
Reisebrev fra Grønland
Familien Gjersund frå Fyresdal er framleis på tur. Nå er Jon Markus skipper.
Eg og far drog tidleg i mai til Iroquois ved St. Lawrence River i Canada for å gi Joma litt kjærleik og omsorg før neste del av reisa. Båten stod godt planta på land, og vinteren hadde ikkje fare hardt med henne.
I midten av mai fekk ho igjen vatn under kjølen, og på sjølvaste nasjonaldagen la me ut på elva.
Me segla ned elva utan større problem, og far drog heim att 22. mai for å ta seg av familieliv og gard, sjølv om eg er ganske sikker på at han helst ville vore med vidare.
Så var eg åleine i båten, men det varte ikkje lenge. Den 24. mai kom to gode folk ruslande med skipssekk på ryggen og godt mot. Ingen av dei hadde særleg erfaring med livet på bølgjene, men mi erfaring frå tidlegare langseglasar er at personkjemi og motivasjon er viktigare enn seglarerfaring. Sjølv om me var på veg ut i eitt av dei farlegaste farvatna i verda, var difor ikkje bekymringane større enn eg kunne leve med.
Tanken var å vere på Grønland i midten av juni, der me skulle plukke opp det siste besetningsmedlemmet. Han hadde lagt seg ut med canadiske styresmakter og fekk difor ikkje visum.
Vêrgudane ville det annleis, og det som vanlegvis skulle vore god seglingsvind, vart i staden sterk motvind. Me fekk sjå ein god del meir av Aust-Canada enn planlagt, og det gav oss høve til å bli kjende med fleire stader og folka der.
Eit eldre par med tilknyting til Noreg baud oss inn på middag medan vi låg vêrfaste heilt inst i St. Lawrencebukta. Der fekk vi servert sel og omvising i eit hus som minna meir om eit museum enn ein bustad.
Etter mange gode historier og ein sårt tiltrengd dusj snudde vinden endeleg, og 25. juni starta vi endeleg overfarten mot Grønland.
Der låg det siste besetningsmedlemmet vårt vått og kaldt i eit telt nær Nuuk, i både snø og regn, før han etter ei veke tok ferja sørover for å møte oss.
Etter eit fint kryss kom vi endeleg fram til Narsaq, som blei vår «port of entry» på Grønland. To dagar seinare var me fulltallige, og eventyret på Grønland kunne endeleg starte.
Å segle på Grønland er noko av det mest utfordrande eg har gjort i seglarkarrieren min. Men sjølv om utfordringane er mange, er dette også ein heilt unik stad med ein natur eg aldri har sett maken til. Det kjennest på mange måtar som å vere turist i istida, med gigantiske isfjell, eit nakent landskap og høge fjell som stig rett opp frå havet og ruvar over oss.
Det er nesten heilt umogleg å førestille seg kva nordmennene som kom hit til øya for nærare 1100 år sidan, kan ha tenkt då dei busette seg her i det golde landskapet, midt mellom isen.
No seglar vi motsett veg, og dei siste vikingane er no på kurs heimover.
Det som står att av Grønland, er å segle gjennom Prins Christiansund før kursen går vidare til Island, Færøyane og Shetland, før me igjen får landkjenning i Tvedestrand.
Helsing frå
Skipper Jon Markus Gjersund og dei tre lettmatrosane Torvald Z. Gimmingsrud, Thomas Asgeir Nilsen og Lise Anita Stenberg