Minneord om Hadle Hovda

Me var mange som ville ta farvel med Hadle Hovda i Kviteseid kyrkje måndag 29. januar.

Prest Møyfrid Lunde fortalde om Hadle sitt mangfoldige liv i arbeid og om samfunnsinteresser på fritida. Me fekk høyre fin solosang av Kjell Lindheim god musikk av Dagfinn Køhn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personleg vart eg godt kjent med Hadle i seinare tid, ettersom me ofte møttes på KOS - der me besøkte våre ektefeller. Hadle var i fleire år formann i Soknerådet der og kona mi Tjodvor var med. Då låg det ofte eit A4-ark som var bretta og stifta. Der sto det; Til Tjodvor frå Hadle H.

Det var saksliste til neste møte i Soknerådet. Hadle var ein raus og sjenerøs person. Han kunne ringe på ein onsdag og invitere meg til flesk og duppe på Waldenstrøm Kafe på torsdag. «Du må koma klokka halv tre». Då invitera han ofte 6-7 personar og betalte for alle. Nytta ikkje å protestere. Det var hyggelege middagar med mange historiar. Me avslutta alltid med «å takke for maten og å takke for praten», som Hadle sa.

Hadle Hovda var født 22. august 1934 og var soleis over 89 år gamal.

Me takkar Hadle for det han var.

Kvil i fred!

Arvid Syftestad