Minnedikt om Brynhild Sande som omkom brått ved ei fallulykke under topptur i Sunnmørsfjella i november i år

(Gift med Geir Ingebretsen opprinneleg frå Vrådal busett i Molde)

Dine fjell!

Artikkelen held fram under annonsen.

Dine fjell, så vakre i sine former.,

Der landskapet var brattlendt, og himmelen så vid.

Dei gøymde ikkje noko, dei synte alt på langan lei,

dei låg så opne for deg, alt var så beint fram ærleg,

så igjennom greie enkle, men likevel så mektige

så høgreiste med si makt.

Du kjende dei, var dus med dei og kom til dei så titt du kunne.,

fordi dei hadde dragnad i deg,

Artikkelen held fram under annonsen.

ei kraft som drog og drog deg til seg.

– -----

Dine kjære fjell som tok deg til seg.

Dei venta deg støtt, og høyrde til deg,

Og vil sakne deg når dei ikkje ser deg

Fordi du vende attende til dei støtt.

Som helsebot for kropp og sinn

Du var så glad i dei, dine fjell,

Artikkelen held fram under annonsen.

der livet ditt så brått tok slutt ...

Jon (svigerfar)