Kva språk skal ein kommunisere med hytteinnbyggjarar på?

Vinje kommune har omsett viktig koronainformasjon til flyktningane, men kva språk skal dei bruke for å nå hytteinnbyggjarane?

«Ein ber alle eigarar av fritidsbustader om å halde seg i heimkommunen. Vi ynskjer ikkje tilreisande med mogleg smitte til kommunen. Dette er eit tiltak for å hindre vidare spreiing av koronaviruset, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Avgjersla er ei oppfylging av nasjonale føringar og smittevernlova. Er ein pålagt karantene i heimkommunen skal det respekterast. Brot på reglar om karantene kan medføre rettsforfølging. Vinje er ein liten kommune og har stort press på helsevesenet om dagen. Kommunehelsetenesta er ikkje dimensjonert for den nasjonale krisa vi nå står ovanfor,» skreiv kommunen i den andre meldinga på kort tid til hytteeigarane. Oppmodinga kom også frå sentrale styresmakter.

Vegane til hyttene blir ikkje brøyta og det blir ikkje køyrd opp skiløyper. Men det ser ikkje ut til å skremme. Luftambulansen har gått ut og åtvara mot at om du blir sjuk på hytta, kan du ikkje venta å bli henta av ambulansehelikopter. Dette har med fare for koronasmitte; det tar lang til å desinfisere helikopter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag kveld meldte Telemarksavisa at hytteeigarar gjev blaffen i Vinje kommunes sterke oppmoding om å halde seg heime der dei bur.

Det var ljos i mange hytter og det var observert fleire bilar på veg inn i Holtardalen. Same erfaringa har andre hyttekommunar. Ordførar Jon Rikard Kleven seier til avisa at dei ikkje kjem til å hive folk ut av hyttene sine, men bed innstendig om at folk held seg heime.

Fredag blei det kjent at det berre er akutte tilfelle som blir prioritert på legesenteret. Kommunen er sårbar. Viss ein av legane eller sjukepleiarane i Vinje blir smitta og går i karantene, vil det få store konsekvensar.

Fredag hadde Vinje kommune omsett viktig koronainformasjon til flyktningane i kommunen for å nå flest mogleg.

Spørsmålet er kva språk ein skal bruke for å nå dei hytteinnbyggjarane som ikkje respekterer den klare oppmodinga frå kommuneoverlegen i Vinje.

Les også
«Det er rein egoisme. Heile Noreg er i lockdown, så tenker desse på eigen komfort. Det er trist å sjå»